Hopp til innhold

Vil redusere utbygginga for Sauland Kraftverk

Sauland Kraftverk kutter i planane for utbygginga av kraftverket i Hjartdal.

Omnesfossen

Omnesfossen i Hjartdal kan få meir vatn når Sauland Kraftverk reduserer planane for utbygginga av vassdraget.

Foto: Skagerak Kraft

Norges Vassdrags og Energidirektorat NVE har tilrådd utbygging, men med lågare produksjon enn det Sauland kraftverk opphavleg søkte om.

– Innstillinga frå NVE hadde vesentleg tøffare vilkår enn det vi hadde forventa, seier styreleiar Finn Werner Bekken i ei pressemelding.

Les også: Velger miljøvern framfor penger

Konsesjonssøknaden er nå til endeleg behandling i Olje- og energidepartementet.

Finn Werner Bekken

Finn Werner Bekken, styreleiar i Sauland Kraftverk.

Foto: Skagerak Energi

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) innstilte i februar på å gje konsesjon for bygging av Sauland kraftverk.

Dei tilrådde likevel at kraftverket får cirka 35 GWh lågare produksjon enn det Sauland kraftverk AS søkte om.

Tar ut bekkeinntak frå søknaden

Som ein følgje av dette arbeidet foreslår Sauland kraftverk nå sjølv endringar i utbyggingsforslaget som ligg til endeleg behandling i Olje- og energidepartementet (OED).

– Vi foreslår å ta ut bekkeinntaka i Øvre Skorva og Kjempa/Vesleåa, blant anna av omsyn til flora og aurebestanden. Det vil også gje meir vatn i Hjartdøla og Omnesfossen, seier Bekken.

Levevilkår for elvemuslingen

Ein viktig føresetnad for å bygge Sauland kraftverk er å sikre gode levevilkår for førekomsten av elvemusling i Hjartdøla.

Norconsult har i sommar gjennomført miljøundersøkingar av elvemusling og aure.

Ungaure er vertsfisk for muslingen på larvestadiet. Norconsult foreslår fleire avbøtande tiltak, blant anna å auke minstevassføringa noko.

Med desse tiltaka meiner Norconsult det bør vere mogleg å sikre ein levedyktig bestand av elvemusling.

Minstevassføring i bekkeinntak

Ved å ta ut dei to bekkeinntaka og å auke krav til minstevassføring vil produksjonen i kraftverket bli redusert med cirka 20 GWh.

NVE tilrår at inntaka i Grovaråa og Nedre Skorva også blir tatt ut, men desse vil Bekken behalde.

– Desse inntaka er viktige for å få realisert kraftverket. Dei kostar lite å bygge ut, men gir store bidrag til kraftproduksjonen.

Sauland kraftverk meiner slepp av minstevassføring i desse sidebekkane vil sikre landskaps- og miljøverdiane der.

– Vi ønskjer også å behalde krav til minstevassføring i Omnesfossen, og vurderer i tillegg å foreslå å auke dette noko, seier Bekken.

Viktig for å nå nasjonale mål

Dersom OED gir konsesjon i løpet av hausten kan bygginga av Sauland kraftverk starte i 2016 og kraftverket tidlegast stå ferdig i 2019.

Sauland kraftverk vil vere eit viktig bidrag for å auke delen fornybar energi slik at Norge kan oppfylle sine internasjonale klimaplikter.

Innan 2020 skal Norge og Sverige saman auke kraftproduksjonen basert på fornybare kjelder med 26,4 TWh.

Eigarselskapet Sauland kraftverk AS er eid av Skagerak Kraft (67 %), Notodden Energi (16,2 %), Hjartdal kommune (14,35 %) og lokale grunneigarane (2,45 %).