Hopp til innhold

Graver seg ned i vegen i Maristigen

Takhøgda i tunneloverbygget på Maristigen blir gjort høgare. Arbeidet er starta og skal vere ferdig til jul.

Maristigen

Rasoverbygget på fylkesveg 37 Maristigen blir nå oppgradert slik at lastebilar opp til 4,20 meters høgde kan passere.

Foto: Tor Arvid A. Gundersen, Statens vegvesen

Maristigen blir nå oppgradert til 4,20 meters høgde for å gjere det lettare å kome fram for næringstrafikken.

Rasoverbygget på fylkesveg 37 i Maristigen har ei høgdegrense på 3,90 meter. Dette fører til at lastebilar med større høgde må køyre andre vegar til og frå Rjukan.

Graver seg ned

– Vi har nå starta arbeidet med å oppgradere rasoverbygget. Først skal asfalten bli frest vekk, forklarer prosjektleiar Ingmar Ulvenes i Statens vegvesen.

Når asfaltlaga er fjerna, vil det bli grave vekk 30 centimeter ned mot fjellet under rasoverbygget, slik at høgda aukast tilsvarande.

Arbeidet skal vere ferdig før jul. Vegen vil ikkje bli stengt mens arbeidet blir gjort.

– Vi skal klare å utføre arbeidet mens trafikken går, men vi må regulere trafikken slik at det berre kan bli køyrt i ein retning om gangen, seier Ulvenes.

Tryggleik for arbeidarane

Det er trongt om plassen under rasoverbygget. Og på grunn av tryggleiken til arbeidarane vil trafikken bli leda av ei følgebil i låg fart. Trafikantane må vere budde på litt ventetid på følgebilen.

Når gravinga er ferdig, blir det gjort klart for å nytt dekke med ein gong. Det vil bli lagt asfalt i veka før jul.

Etter at arbeidet er gjort, vil dei gamle skilta med maksimal høgde på 3,9 meter bli erstatta med skilt som viser 4,2 meters høgde.