Hopp til innhold

Mange fekk gebyr for bilbeltebruk

Statens vegvesen kontrollerer har vore ute og sjekka bilbelte over heile landet i helga.

Bjarte Skaugset, kampanjeleder Vegdirektoratet

Kampanjeleiar Bjarte Skaugset i Statens vegvesen meiner det er behov for å påverke bilbeltebruken.

Foto: Henriette Erken Busterud

I Telemark blei til saman 4911 køyretøy kontrollert. 47 personar sat utan bilbelte.

Så mange som 4911 køyretøy blei kontrollert i Telemark i helga. 347 av desse blei stoppa for ein grundigare kontroll.

Av disse igjen var det 40 bilførarar og 6 passasjerar frå 15 år og oppover som ikkje hadde tatt på seg bilbelte. Kontrollane er gjennomført både i tettbygd strøk og langs landeveg.

Alle av disse 46 personar blei pålagt kvart sitt gebyr på 1 500 kroner.

Kontrollen viste også at eitt barn under 15 år ikkje var sikra. Sjåføren av denne bilen er meldt til politiet for manglande sikring av barn.

(Saka held fram under bilete)

Bilbeltekontroll på Ringerike

Statens vegvesen kontrollerer bilbelte i helga.

Foto: Kjartan Rørslett

Om lag som ifjor

Bilbeltebruken i Norge er jamt over god, men ikkje god nok. Ein gjennomgang av dødsulykkene i Norge frå 2005 til 2012 viser at manglande bruk av bilbelte som oftast er den avgjerande årsaka til omfanget av ulykka.

812 fekk gebyr for manglande beltebruk under Statens vegvesen store kontrollhelg. Totalt blei 68.000 bilar kontrollert.

– Dette er omtrent på same nivå som ved tilsvarande kontroll i vår, seier Bjarte Skaugset i Statens vegvesen.

137 unge førarar og passasjerar mellom 15–24 år fekk gebyr.

Har skjerpa seg

Dette er lågare enn tidlegare år, og Skaugset meiner det viser at dei aller yngste i trafikken har skjerpa seg.

Vegvesenet sine kontrollar hadde ikkje spesielt fokus på sikring av barn i bil, men kontrollørane reagerte sjølvsagt viss dei kom over dårleg barnesikring.

– Denne gangen blei 35 personar meldt for ikkje å ha sikra barna rett. Tidlegare år har dette talet vore noko høgare, seier Skaugset.

Burde vore lågare

Statens vegvesen er likevel overraska over at så mange som 812 fekk gebyr i noko som var ein godt varsla bilbeltekontroll.

– Når vi veit at om lag 40 prosent av dei drepne i bilulykker ikkje har brukt bilbelte, burde talet på gebyr vore lågare, seier Bjarte Skaugset i Statens vegvesen.

Han meiner bilbeltet er trass alt eit av dei enklaste og mest effektive trafikksikkerheitstiltaka som finst.

– Helgas kontroller viser at det framleis er behov for å påverke bruken av bilbelte gjennom kontrollar og informasjonstiltak, seier Skaugset.