Hopp til innhold

Låste dører på tiggarcampen i Porsgrunn

Den mykje omtalte tiggarcampen i Porsgrunn er klar til bruk ved gamle E18, men tiggarar som kjem dit møter låste dører.

Tiggarcamp i Porsgrunn

Tiggarane som besøker den nye campen ved gamle E18 møter låste dører.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Den blå kåntaineren ved gamle E18 er sett opp etter initiativ frå Politirådet, og i samsvar med det som Porsgrunn kommune har gitt byggeløyve for.

Det er den første i sitt slag i Norge, er eit samarbeid mellom Skien og Porsgrunn kommune, og har fått statleg støtte på 300.000 kroner.

– Den er ikkje offisielt opna enno, seier Morten Næss, kommunalsjef i Porsgrunn kommune.

Geir Arild Tønnesen

Geir Arild Tønnesen, varaordførar frå Venstre i Skien.

Foto: Kristin Rivrud / NRK

Han veit ikkje når den blir offisielt opna.

Må kunne overnatte

Morten Næss seier det er varaordførar i Porsgrunn, Geir Arild Tønnesen, som styrer dette. Og at Tønnesen er leiar for gruppa som har kontakt med romfolket.

– Problemet er at vi ikkje veit om det blir mogleg å overnatte der enno, seier Geir Arild Tønnesen.

Han seier at det ikkje blir nokon offisiell opning av tiggarcampen før dette er avklart. Og at det er ein overnattingsplass med sanitæranlegg staten har gitt støtte til.

– Dersom det ikkje blir mogleg å overnatte på tiggarcampen, er det ikkje sikkert vi har for bruk for den, seier Tønnesen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tiggarcamp i Porsgrunn

Kåntaineren inneheld toalett for kvinner og menn og ein liten vask.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Porsgrunn har ansvaret

Kommunalsjef Morten Næss seier at tiggarcampen er ferdig frå entreprenøren si side, som er Porsgrunn kommune. Sanitæranlegget ved E18 skal vere ein stad der tiggarar og andre skal kunne gå på do, vaske seg og legge frå seg søppel.

Den er heilt ueigna for overnatting i bil eller campingvogn, seier Næss.

Det blir Porsgrunn kommune som vil ha ansvaret for reinhald og tømming av søppel på staden.

Vi får prøve oss litt fram når det gjeld kor ofte det vil bli vaska, seier Næss.

Kåntaineren for søppel var ikkje på plass då NRK gjesta plassen torsdag føremiddag. Heller ikkje skilting til staden.

Skilta må jo kome på eit språk romfolket forstår. Og for å få til det må vi ha hjelp av dei som har kontakt med romfolket, seier Næss.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tiggarcamp i Porsgrunn

Straum, vatn og kloakk er nå kobla til kåntaineren på tiggarcampen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Smakar av rasisme

Bjørn Erik Kristiansen, som har engasjert seg mykje for romfolket i Grenland, meiner tiltaket smakar av rasisme.

Bjørn Erik Kristiansen

Bjørn Erik Kristiansen

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Han har snakka med selskapet som har levert kåntaineren, og dei fortel til han at den inneheld toalett for kvinner og toalett for menn med ein liten vask.

Det er ingen dusj der, seier Kristiansen.

Han seier at slik plassen er bygt, så er dette eit forsøk på segregering av romfolket frå andre reisande.

– Kvifor kan dei ikkje byggje ein fullt utrusta rasteplass med same kvalitet som dei andre som ligg langs E18 mellom Porsgrunn og Larvik.

Han meiner romfolket heller bør ønskast velkomen på bensinstasjonar og andre rasteplassar som finst ved E18, som har vanleg god norsk standard.

– Det smakar av rasisme når det blir bygt ein bortgøymt rasteplass på ein stad ingen andre vil besøke. Og som i tillegg har veldig dårleg standard. Denne rasteplassen bør leggast ned, seier Kristansen.