Hopp til innhold

Eline og Fredrik lærer unge om sex i podkast

Elevane syntest ikkje seksualundervisninga på skulen var god nok. Dei starta difor sin eigen podkast.

Eline Sveinsson Momrak og Fredrik Bischoff

SPØRSMÅL OM SEX: Eline Sveinsson Momrak og Fredrik Bischoff lagar ein podkast om seksualundervisning.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Me er offer for tolv år i offentleg skule med bedriten seksualundervisning, seier Fredrik Bischoff i første episode av podkasten «Sex og sånn».

Podkasten blir laga av ei gruppe elevar ved Bø vidaregåande skule. Bischoff og Eline Sveinsson Momrak er programleiarar.

– Seksualundervisninga blir ofte gløymd, og eg har inntrykk av at mange lærarar ikkje veit korleis dei skal handtere det, seier Momrak.

Stort behov

Etter at dei starta podkasten som ei ungdomsbedrift, har responsen vore enorm. Dei merkar at behovet for informasjon er stort.

Som ein del av programmet sender medelevar inn spørsmål via sosiale medium, som programleiarane skal finne svaret på.

Totalt trur Momrak dei har fått inn rundt 200 spørsmål på Instagram så langt.

– Dei lurar på mykje forskjellig. For eksempel korleis jenter kan ha sex med kvarandre, seier ho.

– Det er også mange spørsmål om sexstillingar, seier Bischoff.

Eline Sveinsson Momrak

Eline Sveinson Momrak seier dei deler mykje av seg sjølv og eigne erfaringar rundt sex i podkasten.

Foto: Martin Torstveit / NRK

God læring

Programleiarane strør om seg med kunnskap om seksuell helse til skuleungdom som høyrer på. Dei har fått hjelp av fagfolk til å kvalitetssikre informasjonen dei kjem med i podkasten.

Helsesjukepleiar Kristin Tobro har vore mentor for elevane under produksjonen av podkasten. Ho peiker på at fordelen med podkasten er at unge lærer bort kunnskap til andre unge.

Det gjev god læringseffekt.

– Dei når ungdom på ein måte som me vaksne kanskje ikkje får heilt til, seier Tobro.

Kristin Tobro - helsesjukepleiar i Midt-Telemark kommune

Helsesjukepleiar Kristin Tobro meiner det burde vore meir seksualundervisning i skulen.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Meiner læreplanen er god

Elevane har starta podkasten fordi dei meiner seksualundervisninga ikkje er god nok. Anja Johansen i Kunnskapsdepartementet meiner fagrammene for seksualitet er gode.

– I læreplanen skal ein dekke seksualitet i mange ulike fag. Så potensialet for å snakke om seksualitet i skulen, er stort, seier Johansen.

Johansen er positiv til podkasten elevane lagar i Bø. Ho skjønnar at temaet seksualitet kan vere komplisert for lærarane, men vil ikkje ha eit eige seksualitetsfag i skulen.

Etter å ha laga åtte episodar om seksualundervisning, har Eline Sveinsson Momrak eit råd til dei som bestemmer over skulen.

– Lærarane treng konkrete verktøy til å snakke om sex i klasserommet. Det blir kleint når ein ikkje veit korleis ein skal gå laus på oppgåva.

Anja Johansen (v), statssekretær kunnskapsdepartementet

Anja Johansen er statssekretær i Kunnskapsdepartementet for partiet Venstre.

Foto: Marte Garmann / Kunnskapsdepartementet

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog