Administrativ leiar i Skien Taxi, Øystein Aasheim, seier det er eit openbert brot på dei interne retningslinjene og heilt uakseptabelt.
– Eg kan forstå det. Men eg aksepterer det ikkje. Sjåførane er jo heilt avhengige av desse inntektene for å få lønn, seier Aasheim.
Vil straffe taxisjåføren
Denne helga var det nok for ein taxisjåfør i Skien. Han la ut kundens namn og telefonnummer på Facebook med beskjed om at denne kunden ikkje betaler for seg.
Administrativ leiar i Skien Taxi, Øystein Aasheim.
Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK– Sjåføren er blitt kontakta. Og teksten er nå borte, heldigvis. No brukar vi våre interne retningslinjer til å sanksjonere. For det må vi gjere, seier Aasheim.
– Kva gjere de på taxisentralen når folk ikkje betaler?
– Då brukar vi ryktebørsen, men ikkje Facebook eller andre sosiale medium.
Sender ut intern melding
Av og til opplever drosjene i Skien at ein og annan kunde ikkje betalar for seg. Og ofte viser det seg at det er dei same folka.
I slike tilfelle kan sentralbordet sende ut ei veldig kort melding som berre går til taxisjåførane.
– Det er meldingar som ikkje blir lagra, som ikkje kan sendast vidare og som berre er til opplysning. Og då held vi oss unna dei kundane, seier Aasheim.
Sjåføren som la ut meldinga på Facebook seier til NRK at han angrar og beklagar sterkt, og at meldinga aldri skulle vore posta på sosiale medium.