Hopp til innhold

Katten tok hoggorm: – Ikkje uvanleg

Mange katteeigarar er nok vane med at pus leverer ei mus eller ti på trappa. Men kva gjer ein viss katten kjem heim med ein hoggorm?

Katt har fanget hoggorm

SPESIELL FANGST: NRKs reporter oppdaga at katten hadde teke ein hoggorm heime i Skien i sommar. Då kom spørsmålet om det burde vore hindra.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Den svarte katten slikkar seg fornøgd rundt munnen.

Ved sida av han ligg ein stor hoggorm urørleg i graset.

Etter at det første sjokket har gitt seg, kjem tankane. Kan katten vere biten? Og er ikkje hoggormen eigentleg freda?

Ikkje uvanleg

Dag Dolmen er zoolog ved NTNU Vitenskapsmuseet. Han er ein av Noregs fremste ekspertar på krypdyr. Han kan fortelje at det ikkje er uvanleg at kattar angrip hoggorm.

– Kattar er gode jegerar. Som oftast tek dei smågnagarane og fugl, men dei fangar òg reptil som stålorm og firfisler. Hoggorm er ikkje eit unntak, seier han.

Dag Dolmen

EKSPERT: Dag Dolmen, zoolog ved NTNU Vitenskapsmuseet.

Foto: Privat

Mange har sikkert høyrt at hoggormen er freda gjennom viltlova. Og hendingar med hoggorm skaper ofte stort engasjement i sosiale medium.

– Vi har ikkje lov til å ta livet av hoggorm, med mindre han er truande og det er nødvendig for å hindre skade på ein person eller eigedom, forklarer Dolmen.

Eigar har eit ansvar

Som eigar av eit kjæledyr, har ein eit ansvar, fortel Mattilsynet.

– Ein må prøve å hindre at kjæledyret angrip ville dyr. Det er det same om dyret har status som freda eller ikkje, seier Bjørn Groven, fungerande seksjonssjef for seksjon dyrevelferd.

Korleis kan vi sørgje for at ein katt ikkje tek ein hoggorm?

– For ein katt som går ute, er det nesten ei umogleg sak. Ein katt har eit naturleg jaktinstinkt. Det å tilrå å ha ein katt i band er heller ikkje god dyrevelferd, med mindre han er van med å gå i band frå han er liten eller det er ein innekatt, seier Groven.

Fleire har òg teke til orde for at kattar burde utstyrast med bjølle, spesielt fordi dei drep mange millionar småfuglar kvart år.

Katt har fanget hoggorm

JAKTINSTINKT: Å passe på at ein katt som går fri ikkje angrip hoggorm, er ei vanskeleg oppgåve, ifølgje Mattilsynet.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Ser ein katten i kamp med ein hoggorm, bør ein vere forsiktig. Hoggormen er som kjent giftig.

– Ein må ta ansvar for eigen tryggleik oppi det heile. Er kjæledyret bite, må ein ta det med til veterinær. Blir ein biten sjølv, må ein til lege, seier Groven.

Bit kan vere farleg for katten

Veterinær Per Christian Bye ved Vestmar Dyreklinikk i Kragerø fortel at det som oftast er hundar som kjem inn med hoggormbit, men at det hender at også kattar blir bitne.

– Kattar pleier som regel å slite ut ormen. Hoggormen er rask, men ikkje så uthalden.

Men av og til bommar kattane, og då kan det bli dramatisk.

– Eit bit kan i verste fall vere livstruande for pusen. Det er ein situasjon ein skal passe på med kattar i område med hoggorm, fortel Bye.

Per Christian Bye

VETERINÆR: Per Christian Bye, dagleg leiar og veterinær hos Vestmar Dyreklinikk.

Foto: Dyrehelse.no

Viss eigaren opplever at katten ser slapp og apatisk ut, kan han vere biten. Då gjeld det å komme seg til veterinær så fort som mogleg.

– Får katten behandling tidleg, er prognosane gode, seier Bye.

Om ein oppdagar katten i kamp med ein hoggorm, skal ein då prøve å hindre situasjonen?

– For hoggormen er det heller ikkje bra å bli eten av ein katt. Den er ein viktig del av faunaen vår, men ein skal vere forsiktig med å blande seg inn. Gifta kan vere skadeleg for menneske.