Hopp til innhold

Politiet slepp framleis mange inn i Noreg: – Det er krevjande med alle unntaka

Førre veke landa eit fly frå Romania med 100 personar på Torp Sandefjord lufthavn. Av desse slapp 80 inn i landet, ifølgje politiet.

Torill Sorte - Sør-Øst politidistrikt

KONTROLL: Torill Sorte i Sør-Aust Politidistrikt fortel at dei slapp inn 80 av 100 reisande som kom med eit fly frå Romania i førre veke. Alle reisande blir kontrollert når dei kjem.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

I januar innførte regjeringa dei strengaste innreisereglane til Noreg sidan mars i fjor. Politiet er overraska over kor mange som framleis kjem inn.

– Her på flyplassen kjem det mellom 50 og 100 personar på kvart fly frå utlandet, seier Torill Sorte som er driftsleiar i Sør-Aust politidistrikt.

Mange av flya som kjem til Torp frå utlandet har plass til mellom 150 og 190 passasjerar. Nokre fly er difor framleis halvfulle.

På grunn av unntak i regelverket kjem dei fleste reisande framleis inn i landet.

– Me returnerer mellom 10–15 prosent av dei som kjem. Resten slepp inn, seier Sorte.

Politiet overraska

Dei som reiser til Noreg no, må registrere seg. Tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap viser at så langt har over 17.000 personar registrert seg som reisande til Noreg i perioden etter at grensene blei stengt.

Hensikta med å stenge grensene var for å hindre smitte. Politiet er overraska over kor mange som framleis kjem til landet.

– Så lenge me har mange reisande kvar einaste dag vil det alltid vere fare for importsmitte, seier Sorte.

Torill Sorte, enhetsleder i politiet i Sør-Øst

Torill Sorte er driftsleiar i Sør-Aust politidistrikt.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Krevjande

Innreisereglane blei presentert 27. januar og Statsministeren skildra dei som strenge da dei blei lagt fram.

– I praksis blir grensa stengt for alle som ikkje bor i Noreg, sa Erna Solberg på pressekonferansen.

Likevel finst det fleire unntak i reglane.

Blant anna for helsepersonell frå Sverige og Finland, og utanlandske borgarar som har nær relasjon til norske statsborgarar. Sjå faktaboks for komplett liste over unntak.

Har ikkje papira på stell

Dei som kjem inn i landet via Torp, er omfatta av desse unntaka.

– Det er krevjande å ha kontroll av alle reisande, og mange av desse har ikkje papira på stell.

Lene Vågslid (Ap) er leiar i justiskomiteen på Stortinget. Ho skjønnar at politiet syntest situasjonen er krevjande, ho stiller også spørsmål ved om reglane er strenge nok.

– Me har lenge meint at regjeringa har vore bakpå med tanke på importsmitte, seier Vågslid.

Lene Vågslid (Ap)

Lene Vågslid (Ap) ønsker å utfordre Justis og beredskapsministeren. Ho kjem difor til å sende spørsmål til departementet om reglane er strenge nok til å sikre Noreg frå importsmitte.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Avviser kritikken

At reglene ikkje er strenge nok, blir avvist av justisministeren.

– Me har blant Europas strengaste regler for innreise, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).

Ho visar til de 20 som blei vist bort frå flyet som landet på Torp i førre veke.

– Dette viser at folk som er busett i Noreg reiser, trass i våre tydelege oppfordringar om å unngå unødvendige reiser.

Mæland inviterer også Vågslid eller andre frå opposisjonen til å foreslå innstrammingar.

– Det er ikkje høy reiseaktivitet, tvert imot er det langt færre som reiser til Noreg no enn før. Men samstundes så må nordmenn og folk busett i Noreg reise hit, seier Mæland.

Portrettbilde av Monica Mæland foran en vegg med Justisdepartementets logo

AVVISER KRITIKKEN: Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).

Foto: Rolf Petter Olaisen

Blant dei som får kome inn i landet er utlendingar som jobbar innanfor kritiske samfunnsfunksjonar. Dette gjeld berre viss arbeidet ikkje kan bli utsett og personen er direkte knytt til den kritiske samfunnsfunksjonen.

Ministeren legg til at regjeringa vurderer fortløpande nye tiltak. Dei har blant anna bedt kommunane langs grensa sjå på konsekvensane av at svensk og finsk helsepersonell ikkje lenger skal ha unntak frå innreiserestriksjonane.