Hopp til innhold

«Fotobonden» føler seg uglesett – matar kongeørn

Sauebønder vil ha svar på kor mykje fototuristar påverkar tap av lam på beite.

Jostein Hellevik med hodeløs ørn

FLEIRE DØDE DYR I TOKKE: «Fotobonden» Jostein Hellevik med ei død kongeørn han har funne.

«Fotobonden» Jostein Hellevik legg ut åte til kongeørna. Det freistar både rovfuglen og fototuristar.

Fotografane får det byttet dei ønskjer seg: spennande bilete.

Sauebøndene i Botnedalen i Tokke lurer på kva dette betyr for dyra som er på beite.

Konflikt

Kvar sommar forsvinn det mellom 60 og 70 lam og sau i Botnedalen. Det er nesten eitt dyr kvar einaste dag.

Det er gaupe i området, men også andre rovdyr som streifar innom. Samtidig veit sauebøndene at kongeørna held til der.

Jarand Felland(Sp), ordførar Tokke

Ordførar Jarand Felland (Sp) meiner dokumentasjon er bra for alle partar i denne saka.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Viss dei finn det døde lammet raskt, kan folk frå Statens naturoppsyn (SNO) finne dødsårsaka.

Ein GPS-sendar på dyra kan vere til hjelp. Gjetarar med vaktarhundar kan finne det skadde eller døydde dyret ganske fort.

– Det kan stadfeste eller avkrefte at kongeørn tek ein del lam. Det er viktig for konflikten her, seier ordførar Jarand Felland i Tokke.

Han uttaler seg på vegner av sauebøndene i Botnedalen.

Felland har søkt Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark om pengar til tilsyn med hundar og sauebjøller med GPS-sendarar.

– I Tokke er det ein særeigen diskusjon om kva for rolle kongeørn har i høve til tap av beitedyr.

Mange årsaker

Den diskusjonen starta etter at Jostein Hellevik inviterte til fototurisme på Dalen Villmarksenter for 12 år sidan.

Staden er kjent for mange etter TV-serien «Fotobonden» på NRK. BBC har òg vist sjåarane landskapet og dyrelivet på bakken og i lufta.

Fotobonden Jostein Hellevik

Jostein Hellevik håpar Statens naturoppsyn kan undersøkje fleire døde lam og sau.

Foto: Odd Arne Olderbakk

Hellevik meiner altfor mange peikar på kongeørn når dei skal forklare sauetapet.

– Nokon har haussa opp denne konflikten. Dei treng dokumentasjon.

Hellevik har sjølv hatt sauer i Botnedalen.

– Dei set seg fast i myra eller i ei steinur. Dei fell i bekken. Dei kjem bort frå mora og døyr fordi dei ikkje får mjølk eller blir passa på av mora.

Han legg ikkje skjul på at kongeørn har teke lam.

– Men ikkje i slike mengder som nokon trur. Og det blir ikkje fleire kongeørn av at vi legg ut åte, seier Hellevik.

– Ikkje ofte

Arild Pfaff stadfestar at kongeørn kan ta dei minste lamma, men det skjer ikkje ofte. Han er regional rovfuglansvarleg i Rogaland, Agder, Buskerud, Vestfold og Telemark.

Oversikta til rovbase.no viser at det er seks registrerte sauer tekne av ørn i Tokke dei siste 20 åra. I nabokommunane Fyresdal og Vinje er det sju tap i kvar kommune. Det stadfestar òg SNO.

Beinrester

Viss ikkje det døde dyret blir funne raskt, er det lite igjen når dei skal finne dødsårsaka.

Foto: Britt Boyesen / NRK

– Fôring om vinteren påverkar nok ikkje bestanden om sommaren i nokon særleg grad, seier Pfaff.

Åte tiltrekkjer seg fleire ørn enn dei som er stadeigne.

Pfaff meiner dei som ikkje høyrer til i området, forsvinn når hekketida startar på våren.

Etter årets sommar kan kanskje både sauebøndene og Jostein Hellevik får svar på kvifor så mange dyr døyr på beite.

Regina Brajkovic

Sauebonde Regina Brajkovic skal sende 150 sauer og over 200 lam på sommarbeite i Botnedalen.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark