Hopp til innhold

Kommuneopprør mot vasskuterane

Fleire kommunar tek no opp kampen mot klokka for å få på plass lokale vedtak, slik at skjergardane vert fri for vasskuterar i sommar. Bård Hoksrud (Frp) trur ikkje lokalpolitikarane greier å setje ein stoppar for dei nye reglane.

Luftig svev

FJERNA FORSKRIFT: I mai vart vasskuterar likestilt med småbåtar.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

I mai vart forskrifta som regulerer bruk av vasskuter fjerna. Det betyr at vasskuterar kan brukast på lik line med småbåtar over store delar av landet.

Kommunestyret på Tjøme i Vestfold har gått inn for å vedta eit generelt forbod mot vasskuterar i skjergarden sin. Vedtaket vert sendt ut på høyring, men går det som fleirtalet ønsker, trår forbodet i kraft før sommaren.

Det er nok ikkje slik at ein kan forby vasskuterar berre fordi ein ikkje likar vasskuterar

Bård Hoksrud (Frp)

No kastar fleire kommunar seg på for å få til eit slikt vedtak.

– Me ønsker også å få til dette, men vår utfordring er å få til vedtaket før sommaren. Det siste kommunestyremøtet før sommaren er 15. juni så det vert trongt med tid, seier ordførar i Kragerø, Jone Blikra.

Jone Blikra, ordfører i Kragerø

Jone Blikra seier dei no kjempar mot klokka for å få på plass lokale vedtak mot vasskuterar før sommaren.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Blikra er likevel optimist, og han seier det vert aktuelt å halde eit ekstraordinært kommunestyremøte for å få forbodet på plass

– Det er viktig at me får dette vedtaket på plass før sommaren, seier Blikra.

I nabokommunen Bamble er dei også i gang med å få på plass eit forbod. Der har saka vore oppe i formannskapet og dei jobbar no med å få på plass eit forslag til neste kommunestyremøte.

Det er ikkje utenkeleg at fleire kommunar ønsker å få til eit vedtak om forbod. Ei undersøking frå Norsk Friluftsliv syner at 75 prosent av dei norske kommunane som har teke stilling til bruk av vasskuter, ikkje ønska at forskrifta vart fjerna.

Bård Hoksrud på vannscooter

Bård Hoksrud har lenge kjempa for at vasskuterar skal behandlast på same måte som småbåtar.

Foto: Aas, Vegard M. / NTB scanpix

Les også: – Vepsene fra helvete

Ikkje uroleg

Stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Bård Hoksrud, er mannen som har stått i spissen for at folk skal få bruke vasskuterar på same måte som småbåtar.

Han trur at kommunane vil slite med å få på plass lokale forbod, som er retta mot vasskuterar.

– Det er nok ikkje slik at ein kan forby vasskuterar berre fordi ein ikkje likar vasskuterar. Forboda dei eventuelt lagar må nok gjelde alle typar fartøy, seier Hoksrud.

Han trur difor at vedtaket til Tjøme kommune ikkje kjem til å verte gjeldande.

Sjølv sit han også i kommunestyret i Bamble. Når saka om forbod skal opp i kommunestyret der 15. juni er det liten tvil om kva Hoksrud vil stemme.

– Eg kjem til å kjempe for at småbåt og vasskuter framleis vert sidestilt, seier han.

Samstundes poengterer Hoksrud at han ikkje frontar denne kampen, fordi han tykkjer det er gøy å køyre vasskuter.

– Tanken er at det vert lettare å handheve regelverket til sjøs når dei same reglane gjeld for både småbåtar og vasskuterar, seier han.