Transportnæringa var ikkje nøgde med forslaget om å halde tunnellen open ni timar på dagtid mens tunnellen blir utbetra til full kjørehøgde på fire meter og tjue centimeter.
Nå vil anleggsarbeidet foregå heile døgnet, og arbeidet vil ta kortare tid enn først planlagt.
Trur lastebilnæringa blir nøgd
I tillegg blir fergesambandet mellom Sand og Ropeid rusta opp og styrka.
Røldalstunnellen vil vere open mellom klokka 12 og 20, og sleppe nattbussen gjennom. Mens dei mindre bilane vil gå over fjellet.
- Dette er ei ordning vi trur lastebilnæringa vil vere godt nøgde med, fortel vegsjef for Voss og Hardanger, Arnfinn Ansok.