Det som hadde vore ei ordinær vakt for Heidi Høen på Shellstasjonen i Porsgrunn, fekk raskt ei brå vending natt til torsdag.
– Plutseleg stod det ein blodig mann i døra som sa eg måtte ringe politiet, seier Høen.
Mannen var ein stamkunde på stasjonen og Høen kjende han straks att. Ho ringde naudetatane og mannen vart frakta til sjukehus med ambulanse.
– Me får håpe at politiet får tak i dei som gjorde det, seier Høen.
Fått fleire tips
– Begge dei fornærma har beskrive gjerningspersonane og me har også fått inn fleire tips i saka, seier politiinspektør Guro Siljan.
Politiet har sett inn store ressursar i saka, og dei har mange tips å følgje opp, men Siljan vil likevel ikkje love at dei får eit raskt gjennombrot i saka.
Dei arbeidar no med utgangspunkt i at begge dei to hendingane som skjedde natt til torsdag er utført av dei same personane.
– Det er fyrst og fremst det korte tidsrommet mellom hendingane me legg vekt på når me trur det er ein samanheng, seier ho.
Siljan seier dei likevel må ta høgde for at hendingane ikkje har noko med kvarandre å gjere, sidan dei fornærma har hatt ei dramatisk oppleving.
– Det kan ha påverka beskrivinga av gjerningspersonane, seier Siljan.