Hopp til innhold

Her fossar det ut 2000 liter vatn i minuttet

SELJORD (NRK):Tusenvis av liter vatn i minuttet sprutar ut av borehola til den nye Mælefjelltunnelen i Seljord. Erfarne tunnelarbeidarar har aldri opplevd så mykje vatn i ein norsk tunnel før.

Vatn sprutar inn i Mælefjelltunnelen

HØGT TRYKK:Tunnelarbeidarane må bore lange hol framom seg og pumpe inn sement for å stoppe vatnet.

Foto: Svein Arne Skjervheim

I fleire veker har tunnelarbeidarane kjempa mot enorme mengder vatn i den 11 km lange tunnelen mellom Århus i Seljord og Gvammen i Hjartdal.

For å stoppe vatnet, må dei bore ei rekke 24-meter lange hol og pumpe inn store mengder med sement. Men ut av kvart hol kan det sprute 2000 liter vatn i minuttet. Til saman kjem så mykje vatn at dei ikkje greier å måle mengda.

Trond Øygarden

Trond Øygarden er byggeleiar for Vegvesenet på tunnelen Århus-Gvammen. Han er overraska over dei store mengdene med vatn.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

Byggeleiar Trond Øygarden i Statens vegvesen er overraska over vassmengdene som kjem inn.

– Vi var førebudd på at det kunne kome vatn og høgt vasstrykk, men ikkje i dei mengder vi har hatt no, seier han.

Som ein høgtrykksspylar

Vasstrykket er heile 52 bar, mest som ein liten høgtrykksspylar. Det tyder at vatnet kjem frå ei kjelde som er minst 500 meter over tunnelen.

– Det er ganske unikt. Vi har rådført oss med folk som har erfaring med tunnelar, og det er ikkje ofte ein kjem borti så mykje vatn under så høgt trykk. Det er veldig utfordrande med tryggleiken og for dei som jobbar her, seier Øygarden.

Svein Arne Skjervheim

Svein Arne Skjervheim har jobba på anlegg sidan 1980.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

Svein Arne Skjervheim er ein av arbeidarane og må skifte fleire gonger om dagen. På sine 35 år i tunnelar har han mest ikkje opplevd det same.

– Det er berre i ein tunnel i Hongkong eg har opplevd meir vatn.

730 meter fjell

På Seljord-sida har entreprenøren NCC kome vel 2000 meter inn i fjellet, og det er der problema er. Over seg har dei 730 meter fjell.

Vegvesenet og entreprenøren NCC prøvar no å finne sprekkane med vatn før dei har sprengt seg fram til dei. Ved å bore 24 meter framom seg kan dei finne ut kor mykje vatn det er i fjellet. Ved å pumpe inn store mengder sement i sprekkane stoppar lekkasjen.

Vatn sprutar inn i Mælefjelltunnelen

Det kan fosse inn opptil 2000 liter vatn i minuttet berre frå eit borehol.

Foto: Svein Arne Skjervheim

Men det er tidkrevjande, kostar pengar og forsinkar framdrifta kraftig.

– No er vi inne i ei sone på 200 meter med mykje vatn. Vi har håp om at når vi har kome 50–100 meter vidare, skal det vere slutt på problema, seier Trond Øygarden.

Gjennomslag blir utsett

Vegvesenet hadde ambisjonar om å få til gjennomslag i tunnelen i løpet av 2016. Det kan bli utsett til neste år.

– På Gvammen-sida har vi fin framdrift og tørr tunnel med bra steinkvalitet. Men her på Århus-sida ligg vi ein god del etter på grunn av veldig mykje vatn. Dermed kan også kostnadene auke, seier byggeleiar Trond Øygarden.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark