Gunstige avgiftsreglar førte til at kvar femte bil som blei seld i 2021 var ein hybridbil.
Sidan har salet stupt, og nå forsvinn også frådraget for CO2-utslepp på ladbare hybridar.
Dermed blir fleire av hybridbilane vesentleg dyrare, med ein prisauke på mellom 30.000 og 55.000 kroner på fleire av dei mest populære modellane.
Det viser ei oversikt frå Finansavisen, som omtalte avgiftsauken først.
Ifølge avisa aukar prisen på ein Volvo XC60 med 47.000 kroner, mens ein Volvo EX90 aukar med 38.000 kroner. BMW X5 xdrive50e aukar med 51.601 kroner.
Ingen stor pågang
Dei som ønsker å kjøpe ein ladbar hybrid med avgiftsfordelar har nå lita tid på seg, og må handle før 1. april.
Likevel har det vore få som vil kjøpe hybridbilar før prisauken.
Informasjonssjef i Toyota Noreg, Espen Olsen.
Foto: Toyota NorgeInformasjonssjef Espen Olsen i Toyota Noreg seier at dei ikkje har merka noka stor interesse for hybridbilane før avgiftsendringa.
Han opplever at det generelt salet av denne typen bilar har dala, sjølv om Toyota RAV4 har vore blant dei mest populære hybridbilane i Noreg.
Kva biltype føretrekkjer du?🚗
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Autostrada i Porsgrunn, som sel Volvo i Grenlands-området, har heller ikkje merka noka auka interesse for hybridbilar.
– Det er veldig liten etterspørsel. Vi har selt nokre Volvo X90 facelift i år, men det har ikkje vore nokon spesiell auke i det siste, seier dagleg leiar Brede Bomhoff.
– Kven er det som kjøper hybridbil i dag?
– Det er enten pendlarar som reiser langt, eller dei som treng å trekke tungt. Og så har du ei kundegruppe som ikkje ønsker å køyre heilelektrisk.
Brede Bomhoff selde mange nye hybridbilar i 2019, 2020 og 2021, men etterspørselen er kraftig redusert.
Foto: Vegard Lilleås / NRK– Trur du hybridbilar vil forsvinne heilt?
– Definitivt ikkje. Det vil nok alltid vere ein liten marknad for det, også i Noreg. Og på bruktmarknaden er jo hybridbilane framleis veldig populære, seier Bomhoff.
Over og ut for hybridbilar
Elbilforeininga er godt fornøgd med at avgiftsfordelane på hybridbilar forsvinn.
– Ladbare hybridar har altfor lenge hatt avgiftsrabattar, seier generalsekretær Christina Bu.
Generalsekretær i Elbilforeininga, Christina Bu, meiner at hybridbilen bør fasast ut.
Foto: Einar AslaksenHo meiner at hybridbilar er ein overgangsteknologi som bør fasast ut, nå som utvalet av elbilar med lang rekkevidd er stort.
Bu trur at avgiftsauken frå 1. april betyr at det er over og ut for ladbare hybridbilar. Og at det er nødvendig.
– Ladbare hybridar går på straum berre halvparten av tida ifølge ei undersøking frå Transportøkonomisk institutt. Derfor kan vi ikkje rekne desse bilane som klima- og miljøvennlege, meiner Bu.