Hopp til innhold

Han skrota hybriden – nå stuper salet

Kvar femte bil som blei seld i 2021, var ein hybridbil. Langt færre kjøpte biltypen i fjor. – Noreg er best i verda, seier Norsk Klimastiftelse – men varebilane står igjen.

Kjetil Viksen Moen

Kjetil Vikse Moen og familien bytte frå ladbar hybrid til elbil. Dei har ikkje angra.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Vi valde å byte ut hybridbilen med elbil. Rekkjevidda har blitt så god at det var framtidsretta å kjøpe elbil. I tillegg er det bra for miljøet, seier Kjetil Moen Vikse frå Haugesund.

Han er ikkje den einaste som har valt elbil framfor ein ladbar hybrid.

I 2021 blei det selt vel 38.000 ladbare hybridar i Noreg. I fjor var talet dryge 16.000. Ein nedgang på heile 58 prosent på eitt år.

Salet av ladbare hybridar stuper vidare. I dei to første månadene i år er salet ytterlegare halvert, ifølge Opplysningsrådet for Veitrafikken (OVF).

Noreg er best i verda

I dag er fire av fem nye bilar som blir selde i Noreg, ein elbil. Så seint som i 2019 var dette talet to av fem.

Det er med andre ord ingen tvil om at elbilen har tatt over for den ladbare hybriden og andre bilar med fossilt drivstoff.

Hybrid-bil

Dei siste åra har avgiftene auka for hybridbilar. Det har også påverka saka av denne biltypen.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

– Noreg er best i verda på dette området, seier Lars-Henrik Paarup Michelsen.

Han er dagleg leiar i Norsk Klimastiftelse.

Lars-Henrik Paarup Michelsen

Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk Klimastiftelse.

Foto: Ronald Hole Fossaskaret / NRK

Han registrerer at land som Sverige, England og Tyskland er i ferd med å komme etter.

– Det er gledeleg. Vi ser eit skifte i ein svær bilindustri. Dette ser vi effekten av i Noreg. Utvalet er så stort at fleire og fleire ser på elbilen som eit fullgodt førsteval, seier Michelsen.

Framleis ein veg å gå

Det er over 4,2 millionar køyretøy i Noreg. Tal frå Norsk Klimastiftelse viser at det er 632.192 utsleppsfrie køyretøy i Noreg. Ein andel på 15 prosent.

Sal av bilar i Noreg 2018-2022

Drivstoff

2018

2019

2020

2021

2022

Endring i % 2018-2022

Elektrisitet

46.092

60.316

76.790

113.715

138.260

+ 200

Bensin Plugin Hybrid

25.164

18.764

27.497

36.595

15.596

- 38

Bensin Hybrid

16.324

17.542

12.246

9780

10.159

- 38

Diesel

26.252

22.823

12.163

7093

5427

- 79

Bensin

32.601

22.355

11.285

7485

4333

- 87

Diesel Plugin Hydrid

1382

531

1412

1572

528

- 62

Hydrogen

51

29

15

36

27

- 47

Kjelde: Opplysningsrådet for veitrafikken (OVF)

Det er cirka ein halv million varebilar i Noreg. Her er andelen utsleppsfrie køyretøy på 4,46 prosent. For motorsyklar er andelen under 1 prosent.

Les også Denne elektriske lastebilen har nettopp kjørt 160 mil, men bransjen er skeptisk

Postens elektriske lastebil ankommer Tromsø

– I personbilmarknaden har vareutvalet blitt betre, og då har elbil blitt eit reelt alternativ. Dette har ikkje skjedd for dei andre køyretøya, men vi ser at det er noko på gang, seier Lars-Henrik Paarup Michelsen i Norsk Klimastiftelse.

Han meiner styresmakta kan hjelpe også her.

– Her må politikk og marknad verke saman. Det er viktig at det offentlege bruker si anbodsmakt til å stille krav ved innkjøp av køyretøy. Då kan ein dytte marknaden til å lage utsleppsfrie løysingar, seier Michelsen.

Tilrår ikkje hybrid no

Møller Bil er Noregs største bilforhandlarkjede og sel merke som Audi, Skoda og Volkswagen. Dei tilrår ikkje lenger kundane sine å kjøpe ladbare hybridar.

Øyvind Rognlien Skovli

Øyvind Skovli, kommunikasjonsdirektør i Møller bil.

Foto: Kilian Munch

– Det handlar om at elbilen har blitt så bra i fleire prisklassar. Dei er tilpassa norske bilkjøparars behov. Folk har høve til å velje nullutsleppsbilar. Det vel dei, og det er veldig positivt, seier kommunikasjonsdirektør Øyvind Skovli.

Utvalet blant elbilane no er så godt at hybridane blir overflødige.

– Eg er veldig fornøgd med elbilen eg har no. Den er veldig behageleg å køyre. Så eg kjem nok ikkje til å gå tilbake til hybridbil, seier nybilkjøpar Kjetil Vikse Moen.

Kjetil Moen Vikse

Kjetil Vikse Moen trur ikkje han og familien kjem til å gå tilbake til hybridbil.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Nedgangen er som forventa. Det har komme mange fleire elbilar på marknaden med lang rekkjevidd, god plass og hengarfeste. Då er det enklare å bruke elbilen i det daglege, seier kommunikasjonssjef Ida Krag i Bilimportørenes landsforening.

kommunikasjonssjef Ida Krag i Bilimportørenes landsforening.

Ida Krag, kommunikasjonssjef i Bilimportørenes landsforening.

Tilgang på ladestasjonar har også blitt mykje betre dei siste åra.

Utsleppsfritt i 2025

Målet i Noreg er at alle nye bilar som blir selde i 2025, skal vere utsleppsfrie. Nedgangen blant dei ladbare hybridane viser at bilsalet er på rett veg.

– Håpet er at elbilen tar over heile marknaden og vekslar inn den ladbare hybriden som vi ser er den siste drivlinja som har ete andelar frå elbilane, seier kommunikasjonsdirektør Øyvind Skovli i Møller bil.

At 2025-målet er i ferd med å bli nådd, blir motteke med glede i Norsk Klimastiftelse.

– Norsk elbil-politikk har vore ein suksess, seier Michelsen.

Han åtvarar likevel både folk og styresmakter om at jobben med å få bilparken utsleppsfri, langt frå er gjort.