Hopp til innhold

Bondelaget: – Kan ikkje legge oss på ryggen og grine

– Vi har ikkje tenkt å legge oss på ryggen og grine, seier leiar i Telemark Bondelag Kjell Sølverød etter at Frp fekk landbruksministeren.

Kjell Sølverød

Kjell Sølverød er leiar i Telemark Bondelag.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Påtroppande statsminister Erna Solberg presenterte onsdag Sylvi Listhaug frå Framstegspartiet som ny landbruksminister i den borgarlege regjeringa.

– Eg ville heller hatt ein landbruksminister frå Høgre, seier leiar i Telemark Bondelag, Kjell Sølverød.

Sylvi Listhaug er odelsjente frå Møre og Romsdal og fortalte til pressefolk at ho var fostra opp på mjølk frå mjølketanken heime på garden.

Les meir her:

Påtroppende landbruksminister mente landbruket er kommunisme

Listhaug har overtatt Landbruksdepartementet

I 2010 skreiv Listhaug ein kronikk der ho kritiserte den raudgrøne regjeringa for å ha gitt bondeorganisjonane for mykje makt. Ho skreiv også at landbrukspolitikken her i landet var kommunistisk.

(Artikkelen fortset under biletet)

Sylvi Listhaug på Slottsplassen

Sylvi Listhaug frå Framstegspartiet blir ny landbruksminister.

Foto: Jon Gimmingsrud / NRK

Har ikkje vist interesse

Leiar i Telemark Bondelaget, Kjell Sølverød, er overraska over at Sylvi Listhaug frå Framstegspartiet er blitt ny landbruksminister.

– Eg har ikkje opplevd at Frp har vist så stor interesse for landbrukspolitikken. Men det er litt ekkelt å tenke på at Listhaug har vore så beinhard mot landbrukspolitikken, seier Sølverød.

Bondelagsleiaren meiner kritikken Listhaug har kome med fører til at ho får ein spesiell inngang i rikspolitikken.

– Det er ganske krass kritikk ho kjem med, og sjølv om ho har vakse opp på gard, så har vel ikkje hatt så mykje tilknyting til det seinare, seier Sølverød.

Han spør seg kor mykje Listhaug eigentleg veit om landbrukspolitikk, og håpar at ho kan få eit anna syn på landbruket etter kvart. Sølverød seier at Bondelaget med sine 60.000 medlemmer gjerne vil bidra.

– Vi har ikkje tenkt å legge oss på ryggen og grine nå, for eit norsk landbruk må vi ha, seier Sølverød.

Skaper arbeidsplassar

Det er Framstegspartiet som har lansert dei største kutta i overføringane til landbruket. Frp vil kutte 5,5 milliardar kroner i sitt partiprogram.

– Eg tenkjer at vi brukar vel ein prosent av statsbudsjettet til norsk landbruk og får igjen 50.000 arbeidsplassar i landbruket, 40.000 i næringsmiddelindustrien og 30.000 i tenesteytande næringar, seier Sølverød.

Han meiner difor landbruksoverføringane er ei investering som gir veldig mykje tilbake. Og som gir levande bygder og eit godt grunnlag for å drive turisme.

– Samfunnsrekneskapen vi legg fram er veldig god, seier Sølverød.