Hopp til innhold

Håpar å opne ny godsterminal neste år:- Vi trur det er smart

Utbyggar Lars Hellik Strøm håpar at første godstog skal frakte varer frå Kopstad i Horten til andre delar av Noreg allereie neste år.

Daglig leder Lars Hellik Strøm i Oslofjord Logistikk

GODSTOG I 2025: Dagleg leiar Lars Hellik Strøm håpar å sjå godstog med varer frå ny godsterminal på Kopstad i Horten neste år. Eit godstog kan ta med seg last tilsvarande 32 semitrailerar, seier han.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

Kanskje har du køyrt forbi dette anleggsområdet med stein på 400 mål rett ved E18 sør for Kopstadkrysset i Horten.

Dagleg leiar Lars Hellik Strøm i Oslofjord Logistikk ser moglegheiter, mens vogntoga dundrar forbi.

Han vil heller at meir varer frå regionen skal fraktast med tog. I fleire år har han jobba for å bygge ein ny godsterminal her.

– Det er politisk korrekt å tenke gods på bane. Det har vore snakka om det i mange år. Og så prøver vi på noko så enkelt som å sette det ut i livet. Vi trur det er smart, fordi det er butikk. Det er marknad for det og det er framtida, seier Strøm.

Planer for ny godsterminal på Kopstad

NY TERMINAL: Slik ser planane ut for korleis ein ny godsterminal på Kopstad i Horten mellom jernbanen på den eine sida og E18 på den andre.

Illustrasjon: Muliticonsult

Vil frakte gods med tog til Bergen

Neste år håpar han at det første toget rullar ut frå ein ny godsterminal her.

Da opnar ny dobbeltspora jernbane like ved. mellom Nykirke og Barkåker. Samtidig skal det stå klart eit jernbanespor nordfrå inn til terminalen rundt august same år, seier han.

– Da er intensjonen vår å få det godsomslaget frå veg til bane, ved at vi kan sette gods her på toget på Kopstad og køyre det for eksempel til Bergen.

Men han meiner det også er marknad for å sende varer med tog til Stavanger, Kristiansand eller Trondheim.

Daglig leder Lars Hellik Strøm i Oslofjord Logistikk

GJENBRUKAR BETONG: Betongrestar frå rivinga av Y-blokka i Oslo og Drammen sjukehus er lagde i eit godkjent deponi i grunnen for å bygge opp området til ein godsterminal.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

Behov for fleire terminalar

Sidan terminalen på Alnabru i Oslo har kapasitetsproblem, meiner han det er behov for ein ny godsterminal.

Det kan Cargonet, som er Noregs største godsoperatør på jernbane, bekrefte.

– Det er nødvendig å avlaste Alnabru, slik at gods kan bli lasta om og distribuert vidare. Det ser vi behov for, viss vi skal utvikle godstransport på bane, seier kommersiell direktør Carl Fredrik Karlsen i Cargonet.

Før bygginga av godsterminalen på Kopstad kan starte, må Oslofjord Logistikk og Statens vegvesen bli einige om rekninga for eit vegkryss på området.

Strøm trur dei finn ei løysing.

Les også Kråke stoppet togtrafikken – andre gang på to år

Kråke

MDG fryktar auka trafikk på veg

Men Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Horten er imot terminalen. Dei synest tapet av dyrka mark og skog har vore for stort.

Dessutan meiner dei at terminalen ikkje blir stor og effektiv nok, med eitt og ikkje to tilknytingsspor til Vestfoldbanen.

Lars Henriksen MDG i Horten

IMOT NY GODSTERMINAL: Lars Lønberg Henriksen i Miljøpartiet dei grøne i Horten fryktar lastebilar først og fremst frakter varer til og frå den nye godsterminalen.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

Dermed rettar terminalen seg meir mot tungtransport, seier kommunestyrerepresentant Lars Lønberg Henriksen i MDG.

– Viss vi skal ofre store naturverdiar på Kopstad, må det vere for at det skal vere transport til bane. Sånn det ligg an nå, blir det hovudsakleg godstransport på veg. Det ønsker ikkje vi å bidra til. Det gir auka klimautslepp og auka trafikk på vegane gjennom Horten kommune, seier han.

Einig at terminalen blir mindre effektiv

Strøm er einig i at terminalen ikkje blir like rask med berre eit tilknytingsspor.

Men han meiner terminalen kan ta imot like mange tog, fordi det er fleire spor inne på terminalen der toga kan stå. Tog som kjem sørfrå kan komme inn på godsterminalen etter at dei har snudd i Holmestrand, meiner Strøm.

Ordfører Christina Bratli i Horten

POSITIV: Ordførar Christina Bratli (Ap) i Horten ser fram til å få ny godsterminal.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

Positiv for miljøet og gi fleire arbeidsplassar

Ordførar Christina Bratli (Ap) i Horten meiner godsterminalen vil gi arbeidsplassar og mindre klimautslepp.

– Den kjem til å bidra til å få meir på bane enn hjul. Det er betre at vi kan køyre ting på tog ein lastebilar.

Les også Kuttet 200 trailere med glass i året

Bring-sjåfør med glass i lasten til Natre

Hei!

Har du noen tanker om det du nettopp har lest? Tips meg gjerne på e-post om andre saker du syns jeg bør lage. Ideer og innspill mottas med takk!