Ragnvald Christenson i Haukeli meiner det går føre seg ein skjult kamp om å bli hovudvegsambandet mellom Aust- og Vestlandet.
– E 134 er bevisst gløymt av Vegvesenet, hevdar Christenson.
Han meiner at vegen er så dårleg skilta både frå Bergen og Oslo at bilistane vel Riksveg 7 eller E 16 i staden.
Han viser til at alle løyvingar til riksvegar er tufta på årsdøgntrafikk, og den vegen som får størst årsdøgntrafikk har også størst sjanse til å få mest pengar.
Ragnvald Christenson etterlyser skilting for E 134 i Bergen.
Foto: Ragnvald Christenson– Klarar dei å skilte vekk E 134, slik at den får mindre årsdøgntrafikk, så tapar den i konkurransen mot E16 og Riksveg 7, seier Christenson.
Les og:
Nytt for vegvesenet
Men Vegvesenet avviser dette argumentet.
– Det var nytt for meg, seier ein lettare overraska Arnfinn Ansok.
Han er sjefingeniør i Statens vegvesen region vest og fortel om omfattande planar for E 134 over Haukelifjell.
– Det blir arbeidd med ein reguleringsplan som kortar ned strekninga med 11 kilometer og to lange tunnelar som tar vekk høgdeforskjellar, seier Ansok.
Arnfinn Ansok i Statens vegvesen region vest.
Foto: Ketil Jordan/NRKHan meiner det vil skape ein Europaveg med god regularitet, og at det vil bli ein heilt ny veg når det kjem på plass.
– Og eg håpar det ikkje tar alt for lang tid, seier Ansok.
Les og:
Viktig for Haugalandet
Ragnvald Christenson er uroa, sjølv om dei fleste veit om riksvegalternativa dei kan velje mellom Aust til Vest og ikkje treng skilt for å finne fram.
– Men kvifor er den eine vegen så intenst godt skilta, mens den andre ikkje er det?
Arnfinn Ansok i vegvesenet vil ikkje peike på kva for veg som bør vere skilta som hovudfartsåre.
Han viser til at for dei som bur på Haugalandet er E 134 ein utruleg viktig veg. Og for tungtransporten mot det sentrale Austlandet er den svært viktig.
– Vegen over Haukeli er i mine auge ein svært viktig veg. Eg skal ikkje prøve å rangere dei, seier Ansok.
E 134 mellom Drammen og Haugesund skal bli 11 kilometer kortare.
Foto: AS Haukelivegen