Fakta
- Sjølv om gaupebestanden er litt mindre enn den har vore må vi ha ei viss gaupejakt. Vi må ha gaupebestanden på eit nivå vi kan leve med også for småfe og anna utmarksaktivitet.
Det kan bli nullkvote på Gaupe neste år.
Det seier Kjell Sølverød i Siljan Bondelag. Han meiner det fort kan gå ut sauene i fylket dersom gaupebestanden blir for stor.
- På det værste tok gaupa 35 sauer i Siljan, sier Sølverød.
Redusert bestand
Det er ein ny rapport frå Norsk institutt for naturforsking som viser at gaupebestanden er redusert med 35 prosent på landsbasis.
Og det er i Telemark gaupebestanden er redusert mest.
- Vi vil ikkje utrydde gaupa. Men vi må ha den på eit nivå vi kan leve med, og da må vin fortsatt ta ut ein del dyr kvart år gjennom jakt, meiner Sølverød.