Hopp til innhold

På sparkesykkel gjennom kunsten

TJUVHOLMEN, OSLO (NRK): Ein vill ide blei til stor suksess. I år 2000 fekk Rolf Stavnem det for seg at kanskje det var mogleg å selje kunst gjennom internett. Det starta i det små, men no er dei store. Veldig store.

Galleri i Oslo

– Det var få som trudde på ideen. Me starta heilt på botn, og jobba oss oppover. Dystre spådommar blei gjort til skamme, seier Rolf Stavnem fra Skien.

Selskapet omset no for rundt 60 millionar kroner i året, og er størst i Skandinavia.

På sparkesykkel gjennom kunsten

Dei tilsette nyttar sparkesykkel for å koma seg gjennom dei enorme lokala som ligg på eksklusive Tjuvholmen i Oslo.

Rolf Stavnem

Sparkesykkel er praktisk i dei store lokala.

Foto: Anne Lognvik

– Ja, me brukar sparkesykkel fordi det er store avstandar. Me har til saman 2000 kvadratmeter lokale så då er det praktisk, seier gründer og dagleg leiar Rolf Stavnem.

Han har selt hjartebarnet til danske Allergruppen, men er framleis dagleg leiar for Fineart.

Fineart på Tjuvholmen

Fineart ligg på eksklusive Tjuvholmen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Nico Widerberg på vidvanke

Nico Widerberg høyrer eigentleg til blant kunstnarane til Galleri Haaken, også det på Tjuvholmen. Men når han fekk spørsmål om å stille ut måleri hjå Fineart blei det for freistande.

Nico Widerberg

Nico Widerberg jobbar mest som bilethoggar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Det å få boltre seg i desse fantastiske store og lyse lokala var veldig moro. Det var mykje arbeid, men eg synest det blei bra, seier Nico Widerberg.

Utstillinga er den største måleriutstillinga han nokon gong har laga, og galleristen er veldig godt nøgd med resultatet.

Widerberg stiller ut på Fineart

Widerberg på alle veggar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Driv også kunstmagasin

Fineart driv det største kunstmagasinet i Norden med circa 14.000 betalande abonnentar i tillegg til nettsal og nettauksjonar.

Selskapet har eit varelager som er verdt 80 millionar kroner.

– Me kjøpte opp Aktuell kunst i si tid, så me har kunst heilt tilbake til 1950-åra, fortel Stavnem.

Flytta til Tjuvholmen i 2011

– Me såg at Tjuvholmen var i ferd med å utvikle seg til ein kunstbydel, og tenkte at der bør me også vera, seier Stavnem. Det har synt seg å vera ei rett avgjerd.

Pushwagner laga dette til opninga av Fineart

Pushwagner laga dette gigantmåleriet på eit gamalt lagerskur til opninga i 2011. Fineartsjefen hevdar at det er verdas største måleri.

Foto: Anne Lognvik

Galleriet utvida i 2014 med ein etasje, og har no ca. 2000 kvm å boltre seg på.

Brigitte Bardot etter jul

No før jul satsar galleriet på ei juleutstilling med dei faste kunstnarane som dei har i "stallen". Utstillingane står vanlegvis berre ti dagar, så etter nyttår er det Brigitte Bardot som gjeld. Dette bilete, som er eit ikonisk foto tatt av fotograft Terry O'neill i 1968, skal det ikkje bli vanskeleg å bli kvitt, avsluttar Stavnem.

Birgitte Bardot og Rolf Stavnem

Dette ikoniske bilete kjem på utstillinga over nyttår.

Foto: Anne Lognvik