Hopp til innhold

Kaninen Tussi blei forlaten utandørs – eigar dømt til 21 dagar i fengsel

Då Tussi blei funnen, var kaninen i svært dårleg forfatning. No må eigaren i fengsel. – Ein viktig dom, meiner Dyrebeskyttelsen.

Kaninen Tussi

ETTERLATEN ÅLEINE: Tussi blei fanga inn av Dyrebeskyttelsen. Då bar kaninen tydeleg preg av vanrøkt.

Foto: Dyrebeskyttelsen

Talet på dyrevelferdssaker som hamnar i rettssystemet er mangedobla dei siste åra.

Straffenivået for brot på den same typen saker er samtidig vesentleg skjerpa.

Forlate på eiga hand

Saka frå Grenland gjekk nyleg i Telemark tingrett, der eigaren av kaninen stod tiltalt for fleire brot på dyrevelferdslova.

TA omtalte saka først.

Det var mot slutten av desember 2021 at kaninen Tussi blei etterlaten utandørs over fleire dagar.

Ifølgje dommen lét eigaren mellom anna vere å sørgje for at kaninen var sikra mot angrep frå rovdyr.

Han hadde heller ikkje tilgang på mat, vatn og ein lun tilhaldsstad med tilstrekkeleg varme.

Kaninen Tussi

Kaninens tannstilling var blant dei sentrale bevisa i saka.

Foto: Dyrebeskyttelsen

Då kaninen blei fanga inn, var dyret avmagra.

Han hadde utflod frå auge og nase, og store problem med tennene, slik at han ikkje var i stand til å få i seg mat på eiga hand, skriv retten.

Eit problem i heile landet

Det var varslar frå folk i nærområdet som førte til at styresmaktene aksjonerte.

Politiet sende ein tenestemann til eigedommen.

Han kunne konstatere at kaninen ikkje hadde det bra. Det var kaldt utandørs, og vatnet som var sett fram hadde frose.

Det blei derfor vedteke at Dyrebeskyttelsen skulle fange inn Tussi. Fire personar deltok i søket, og etter nokre timars innsats klarte dei å fange kaninen.

Det stadfestar Veronica Olsen, som er frivillig for avdelinga til dyrevernorganisasjonen i Telemark.

– Kaninen var i frykteleg dårleg stand og avmagra då vi fann han, seier ho til NRK.

Dette blir også stadfesta av ein veterinær, som vitna i saka.

Ho vurderte kaninen til å ha ein skår på 1 ½ av 5 på ein kroppsvektindeks.

Dyret lét seg likevel redde, og er i dag adoptert bor til ein ny eigar.

– Denne kaninen trekte vinnarloddet, meiner Olsen, som har sett mange triste saker dei siste åra.

– Kaninar blir dumpa over heile Noreg, seier ho.

Olsen er glad for at slike saker får konsekvensar for eigarane.

– Dette er ein viktig dom, meiner ho.

Ser at haldningane blir endra

Dei siste åra er det oppretta eige dyrepoliti over heile landet.

I fjor vart det totalt registrert 502 meldingar for brot på dyrevelferdslova i Noreg.

Tone Strømsnes Olsen, politiadvokat i Økokrim og fagansvarleg for dyrevelferdskriminalitet i politiet, presiserer at ho ikkje kjenner saka frå Grenland inngåande.

Tone Stømsnes Olsen, politiadvokat Økokrim.

Tone Strømsnes Olsen, politiadvokat og fagansvarleg for dyrevelferdskriminalitet i Økokrim.

Foto: Caroline Bergli Tolfsen / NRK

Ho erfarer likevel at domstolane i Noreg gir strengare straffer i saker som handlar om brot på dyrevelferdslova enn før.

Samtidig blir det avdekt fleire grovare brot på dyrevelferdslova.

– Ein dom på 21 dagars fengsel utan vilkår i ei sak om vanrøkt av kjæledyr er ikkje lenger uvanleg. Det er ei utvikling vi har sett dei siste åra, seier ho til NRK.

– Vi ser at samfunnet har endra haldning til korleis dyr skal ha det. I dag har vi nok også større kunnskap om dyr og behova deira enn det vi hadde tidlegare, seier Olsen.

Vurderer anke

Kvinna som no er dømd, erkjende seg ikkje skuldig då saka gjekk i retten.

Ho hevda at ho hadde sørgt for at kaninen hadde det han trong, og at venner av henne var innom for å sjå til at den hadde det greitt.

Retten meinte likevel det var bevist at ho ikkje hadde teke godt nok vare på kaninen sin.

Hans Egil Seljordslia

Hans Egil Seljordslia, politiinspektør i Sør-aust politidistrikt.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

Aktor i saka, Hans Egil Seljordslia, bad om 18 dagar i fengsel.

Retten skjerpa straffa til 21 dagar.

– Det viktige for oss i påtalemakta var at det blei utmålt ei straff utan vilkår. Samanlikna med andre straffeområde er straffa relativt streng, men i tråd med signal høgsterett har gitt når det gjeld dyrevelferd, seier han.

Saka vil sannsynlegvis bli anka. Det opplyser Camilla Hagen, som er advokaten til kvinna.

– Klienten min meiner straffa er alt for streng, seier ho til NRK.

lege-saken

Camilla Hagen var forsvarar for eigaren av kaninen i saka.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Kvinna er samd i delar av grunnlaget for dommen, men meiner likevel at straffa er for streng i forhold til det ho faktisk har gjort.

– Her er det behov for ei rettsavklaring i forhold til kva straffenivå ein skal leggje seg på i slike saker, seier Hagen.