Nærare 900 bygningsarbeidarar i 55 firma i Telemark førebur seg nå på at det kan bli streik.
Det kan bli streik denne veka.
Det skjer etter brot i meklinga mellom Fellesforbundet og arbeidsgivarane i Teknologibedriftenes Landsforbund og Byggenæringens Landsforening i helga.
Leiar i Grenland Bygningsarbeiderforening Arne Hagen seier at bygningsarbeidarane vil sloss for betre pensjonsordningar.
- Ja. det kan eg love deg. Vi er sjokkert over kor frekke som arbeidsgivarane er når dei gir seg sjølve millionpensjonar frå dei er 62 år.
Pensjon kan hindre streik
- Det er ganske harde frontar mellom partane - og riksmeklingsmannen orienterer regjeringa om meklingsbrotet i dag. Kva må til for hindre streik?
- Pensjon. Det er fordi den regjeringa vi har nå svekkar pensjonsordningane i folketrygda. Vi må prøve å få til betre pensjonsordningar, og då må vi gå på arbeidsgivarane, seier Hagen.
- For første gang går byggeindustrien i år i front - saman med jern og metall - i eit lønsoppgjer som vil danne mønster for mange av dei som kjem etter. Korleis er beredskapen foran ein eventuell konflikt?
- Eg trur kampgløden er stor for å kjempe for betre pensjonsordningar, seier Hagen.
Han seier at det truleg er trelastutsal som først kan bli ramma i en konflikt, noko som igjen får konsekvensar for byggevareutsala.