Hopp til innhold

Fem tips for å gjere hagen klar for våren

Vi går mot lysare tider, gradestokken har allereie vore på plussida – og snart kjem heldigvis ein ny hagesesong. Her er hagetipsa til eksperten.

Hage

NYT FØREBUINGANE: Hagen din ser ikkje slik ut nå i april, men gjer du dei rette førebuingane kan han bli eit syn for auget.

Foto: SAMI BELLOUMI / PHOTOPQR/VOIX DU NORD

Vår og sommar er dei perfekte årstidene for å nyte hagen din, men før du kan gjere det må du førebu han for månadene som kjem.

Blomsterdekoratør Finn Schjøll gler seg så mykje til våren at han nesten ikkje kan vente. Nedanfor er lista han følger for å førebu hagen til vårsesongen.

finn schjøll
Foto: Emma-Marie B. Whittaker / NRK

Gå ut – ikkje sitt inne og planlegg

Det første du må gjere når du skal førebu hagen på ein ny vår er å ta turen ut.

– Det nyttar ikkje sitte inne og planlegge alt du skal gjere ute.

– Det viktigaste du gjer er å sjekke kva vinteren har gjort av skadar. Er det mange buskar som har brekt i løpet av vinteren, så sjå på det som naturleg nedklipping. Ta ei saks og klipp bort det som er brekt, seier Schjøll.

Vinter i hagen

Vinteren kan ha gjort skadar på buskar og planter.

Foto: Sissel Nygaard

Reingjer hagen og utstyr

Det er også viktig å fjerne døde planter, blad og nedfall.

– Har du framleis litt snø igjen i hagen er det lurt å fordele han rundt på plenen, for då smeltar han mykje fortare.

– Reingjer alt av krukker og potter. Då er det klart når du skal begynne å plante. Tida går veldig fort, og plutseleg er det 17. mai. Då vil alle ha litt blomar i krukker og kar. Og så fort telen har gått, må du begynne å gjødsle. Eg gjødslar kvar 20. i månaden, for mat må plantene ha.

Gjødsel fra Nedre Skinnes gård

Finn Schøll meiner du ikkje bør bruke kunstgjødsel i hagen, men bruke naturleg gjødsel.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Klipp ned tre og buskar

Våren er ei ideell tid for å klippe ned tre og buskar i hagen.

– Det er ikkje noko i vegen for å klippe ned nå, men eg tenker at det er slik du skal gjere når du har tid.

– Det finst tusenvis av reglar for når du skal klippe ned det eine eller det andre treet. Poenget er at det nyttar ofte ikkje å gjere det anna enn når du har tid. Treet bryr seg mindre enn du trur. Vitsen er at det skal komme lys og luft ned på blomane når dei begynner å blomstre.

Slik bør du beskjære busker og trær

Beskjær trea dine når du har moglegheit og tid.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Plant smart – og ikkje gløym plenen

Når hagen er gjord klar og rein for vår, er det klart for planting. Vel planter som eignar seg for der du bur, og tenk fargar og fargekombinasjonar.

– Eg passar alltid på at desse små grasklipparane som går rundt i hagen har nye blad. Dei set eg på så fort snøen er borte, før gras begynner å gro. Og så MÅ du luke. Du er nøydd til å fjerne ugras. Den lukinga du gjer nå sparer deg for mykje bryderi utover.

Bringebær i sol.

Kanskje støtta til bringebærbuskane dine treng ny hyssing og nye pålar etter ein lang vinter.

Foto: Kristin Rivrud / NRK

Schjølls bonustips

Nyt tida vi er inne i, vi har det aller beste framfor oss.

– Gjer hagemøblane reine, og sett dei ut i solveggen. Pynt med nokre fargerike puter og pledd, og nokre fine kubbelys på bordet.

Når den første vårsola kjem, som varmar i ansiktet, er det berre å nyte, og snart er ein ny, herleg sommar her.

Roser

Gle deg! Om nokre månader står rosene igjen i full blomst i hagen.

Foto: Kristin Rivrud / NRK

Les også Slik blir hagen din et fristed for humler, bier og fargerike sommerfugler

Tistelsommerfugl

Hei

Takk for at du leser. Har du tips eller innspill til denne saken eller andre ting vi bør skrive om? Send meg gjerne en e-post!