Langt færre gravide med rusproblem blei viste til behandling på Blå Kors Borgestadklinikken etter at koronaviruset gjorde at store delar av Noreg blei stengt i vår.
– Vi trur ikkje at 70 prosent færre tilvisningar betyr at 70 prosent færre gravide slit med rusmiddelbruk og treng hjelp.
Det seier avdelingsleiar for familie og gravide på Borgestadklinikken, Lena Larsen.
I år fekk dei berre tre tilvisningar av gravide i mars, april og mai, mot ti i same periode i fjor.
BEKYMRA: – Hypotesen vår er at det kjem av reduserte helsetenester i kommunane, seier Lena Larsen, leiar av avdelinga for gravide og familie på Borgestadklinikken.
Foto: Vigdis Hella / NRKBorgestadklinikken trur at nedgangen kjem av reduserte helsetenester i kommunane og hos fastlegane.
– Vi trur det har vore vanskelegare for gravide å snakke med nokon og få sagt kva behov dei har viss dei har rusproblem, seier Larsen.
Glad for hjelp
«Anna» har vore på Borgestadklinikken sidan desember og blei mamma til ein liten gut for to månader sidan.
Ho er glad for at ho får sjansen til å skape eit nytt liv for seg og sonen.
– Eg har slite med rus og ville slutte å ruse meg. Det var utvegen min å vere her og få hjelp til rusbehandling og rettleiing om kva som skal skje vidare med framtida, seier ho.
Påverka hjelpetilbodet
Renate Stenstrøm i brukar- og pårørandeorganisasjonen A-larm meiner nedstengninga av samfunnet har påverka hjelpetilbodet til gravide.
– Vi har fått tilbakemeldingar frå folk som bruker tenestene våre om at det har vore mindre hjelp og at tenestene har vore mindre tilgjengelege, seier ho.
A-larm har sjølvhjelpsgrupper heile veka i Skien, men måtte flytte tilbodet til digitale plattformer og turgrupper i vår.
UNDER RADAREN: – Vi har fått tilbakemeldingar frå folk som bruker tenestene våre om at det har vore mindre hjelp og mindre tilgjengelege tenester, seier Renate Stenstrøm i A-larm.
Foto: Vigdis Hella / NRKHo understrekar kor viktig det er at gravide får tidleg hjelp til eit liv utan rus.
– Det handlar om å la mammaen bli den mammaen ho drøymer om å bli og gi barnet ein sjanse til å få ein god, trygg og rusfri start på livet, seier ho.
Lena Larsen ved Borgestadklinikken opplyser at alkohol er det klart mest skadelege rusmiddelet for foster. Framleis er alkohol det største rusmiddelproblemet i Noreg.
– Jo tidlegare ein kjem i posisjon til å snakke med den gravide kvinna og tilby hjelp, jo meir kan vi førebyggje skadar og følgjeskadar på fosteret, seier ho.
Redd for å bli dømt
«Anna» trur gravide som brukar rus, slit med å innrømme at det er eit problem.
– Dei tenkjer «i morgon skal eg slutte og eg klarer det heilt fint utan hjelp», seier ho.
Ho trur òg nokon tenkjer at dei lett kan bli dømde viss dei spør om hjelp.
– Nokon har komme ganske langt på veg, og så tenkjer dei sikkert «kva vil dei tenkje om meg; herregud, eg er gravid og så har eg nytta rusen så lenge.»
– Eg tenkte på barnets beste. Eg var ikkje redd for korleis folk skulle sjå på meg. Eg tenkte på tryggleiken til barnet mitt, held «Anna» fram.
15 minutts samtale
Kommunejordmor i Skien, Beate Bjerke Løchen, seier at korona-tilrådinga frå Helsedirektoratet var kortare konsultasjonar på 15 minutt.
– Vi har prøvd å ha kortare konsultasjonar, men i praksis har det vore vanskeleg fordi gravide har vore bekymra i denne perioden, seier Løchen.
I Skien har jordmødrene gjennomført dei fleste samtalane med gravide på helsestasjonen under koronaperioden.
– Kommunar har løyst dette på ulike måtar og det er mange på helsestasjonar som berre har hatt konsultasjonar på telefon, Skype og Teams. Men for å få fram desse tinga treng ein ei trygg ramme, og då tek det ofte litt tid, seier kommunejordmora.
Bekymra for sommarferien
Når sommarferien igjen fører til reduserte tenester, er Borgestadklinikken og A-larm bekymra.
– Dei fleste har ikkje ei krise mellom åtte og fire og utanom ferien. Det er veldig viktig at tenestene er tilgjengelege, og sommarferien er ei vanskeleg tid for mange, seier Stenstrøm i A-larm.
Finnes der ute
Origosenteret til Kirkens Bymisjon i Våler i Østfold har opplevd same nedgang i tilvisningar av gravide i koronaperioden.
– Det verkar jo spesielt, for dei gravide finst der ute. Men i koronaperioden har dei iallfall ikkje kome hit, seier Erik Sukkehagen ved senteret.
Andre klinikkar i landet som NRK har vore i kontakt med, har hatt jamn pågang i koronaperioden. Fleire delar likevel bekymringa for at gravide ikkje blir fanga opp.