Hopp til innhold

Skogens konge på badetur

Elgen bada og dukka i over ein time. Eit heldig ektepar fekk med seg den vakre naturopplevinga i Hjartdal sist veke.

Elg bader

SVAL: Elgen plaska, sumde og koste seg på tur.

Foto: Privat

Det var onsdag førre veke at Olav Nymoen frå Skien drog til Rennevasstjønnan i Hjartdal for å ta seg eit bad saman med kona. Dei har hytte i nærleiken og går ofte turar i området.

Framme ved badestaden hadde skogens konge allereie komme dei i forkjøpet.

Elgen bada og dukka i over ein time. Eit heldig ektepar fekk med seg den vakre naturopplevinga i Hjartdal sist veke.

Elgen bada og dukka i over ein time. Eit heldig ektepar fekk med seg den vakre naturopplevinga i Hjartdal sist veke.

Spesielt syn

Den ivrige turgåaren trur det var temperaturen som lokka dyret ut på djupt vatn.

– Det var 25 grader og sol den dagen. Vi bada etterpå, og det var varmt og godt i vatnet. Det såg ut som elgen koste seg veldig, fortel Skiens-mannen.

Erling Johan Solberg, seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), kan fortelje at elgen meir enn gjerne tek seg eit bad i sommarvarmen.

Erling Johan Solberg, NINA

Erling Johan Solberg, seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Foto: Norsk institutt for naturforskning / NINA

Særleg no som det har vore veldig varmt, er det ikkje uvanleg at elgen tek seg ein tur ned til ein pytt for å kjøle seg ned, seier han til NRK.

– Elgen er jo først og fremst eit kuldetolerant dyr, og i mindre grad eit varmetolerant dyr. Så tidleg på sommaren har dei gjerne litt vinterpels framleis. Då kan det bli veldig heitt for elgen, forklarer Solberg.

Dykka under vassflata

Det vart litt av ei naturoppleving for ekteparet.

– Vi såg fire elgar på turen, men det var berre den eine som bada. Han heldt på i ein time, fortel Nymoen, som filma hendinga.

Den firbeinte skapningen såg heller ingen grunn til å forlate staden då menneska dukka opp.

Olav Nymoen på tur

Olav Nymoen er ivrig turgåar, men badeopplevinga onsdag førre veke var ei ny oppleving.

Foto: Privat

– Han var ikkje redd. Vi kunne gå nærare og nærare. Vi stod vel cirka 30 meter frå elgen og såg på at han bada.

Elgen var òg lenge under vatn.

– Det såg ut som han rota etter noko på botnen. Han heldt på lenge under vatn og dykka rett og slett, held Nymoen fram.

Ifølgje forskaren ved NIVA, gjer elgen dette for å ete. Det er nemleg mange vassplanter som er attraktive.

– Nøkkerose som ikkje har komme over vatna, til dømes. Då kan ein sjå at elgen dukkar under vassflata i opptil eit halvt minutt, og riv opp plantane frå botnen, seier han.

Olav Nymoen sto 30 meter fra elgen som badet

Olav Nymoen frå Skien drog til Rennevasstjønnan i Hjartdal for å bade. Der fekk han selskap av ein ivrig elg.

Foto: Privat

God symjar

Skogens konge kan òg symje langt ved behov. Elgen ser ikkje på vatn som nokon hindring, forklarer Solberg.

– Den høyrdest ikkje så skvetten ut i dette tilfellet, heller?

– Generelt sett er elgen sky, men enkelte dyr kan òg vere relativt fortrulege, seier Solberg.

Paret nøyt naturopplevinga i over ein time