Hopp til innhold

Skreiv dikt for å klage på klasserommet – fekk overraskande svar

Elevane var lei av stygge vegger og ròtne markiser. Klagebrevet til kommunen fekk ordføraren til å tenkje kreativt.

Henrik Romnes har sendt dikt til kommunen for å klage på klasserommet.

SENDE KLAGE: Henrik Romnes ved Bø Ungdomsskule var lei av dårleg klasserom. Han skreiv dikt til kommunen og bad hjelp til oppussing.

Foto: Lorentz Berg / NRK

I eit mintgrønt klasserom i Bø sit Henrik Romnes (15) og resten av 10B.

På veggene heng det plakatar med skuleprosjekt for å dekkje over sprekkar og hol.

Slitne og møkkete markiser heng ned framfor vindauga.

– Dei sa at vindauga skulle bytast ut, men det har ikkje skjedd. Så då tenkte eg at det hadde vore lurt å få litt fortgang på ting, seier Henrik.

Ødelagt markise foran vindu

Markisene framfor vindauget er skitten og morkne.

Foto: Lorentz Berg / NRK

Skreiv dikt etter skuletime

Sidan klassen hadde jobba med dikt i norsktimen, skreiv han like så godt eit dikt og sende til kommunen.

Veggene er grønne.

Ikke noe å belønne.

Nå håper jeg at kommunen kan skjønne.

Klasserommet ser ut som en rønne.

Dikt av Henrik Romnes (15)

– Vi hadde om dikt og lyrikk i norsktimen. Dermed tenkte eg at det kunne vere interessant å skrive på denne måten.

– Elevane vart engasjerte

Norsklærar Tone Langelid er glad for initiativet frå Henrik, og rosar diktet som vart sendt til kommunen.

Tone Langelid er norsklærer ved Bø ungdomsskule

Norsklærar ved Bø ungdomsskule, Tone Langelid, synest det er bra at elevane engasjerer seg i skulemiljøet.

Foto: Lorentz Berg / NRK

Ho hadde hatt undervisning i temaet dikt og lyrikk.

Langelid fortel at dei hadde jobba spesielt med femrader, som er eit kort dikt som skal formidle innhaldet på ein enkel måte.

– Elevane vart ganske engasjerte. Eg var ikkje klar over at Henrik hadde sendt diktet, så eg vart noko overraska då eg kom på jobb og fann eit svarbrev frå kommunen.

Ville gi eit originalt svar tilbake

Ordførar i Midt-Telemark, Siri Blichfeldt Dyrland, seier ho liker engasjementet frå elevane.

Brevet med diktet var rett på sak og dreidde seg om eit spørsmål som dei hadde jobba med ei stund; pengar til oppussing av Bø ungdomsskule.

Ordfører i Midt-Telemark, Siri Blichfeldt Dyrland.

Ordførar i Midt-Telemark, Siri Blichfeldt Dyrland, er glad for at elevar har teke kontakt med henne ved å skrive dikt.

Foto: Lorentz Berg / NRK

Det elevane ikkje visste, var at kommunestyret allereie hadde sett av pengar til oppussing av skulen.

Heile 17 millionar faktisk.

– Vi syntest diktet var morosamt og snakka om at vi må gi eit originalt svar tilbake. Vi vart samde om at då må vi også rime.

Saman med kommunalsjefen sette ho seg ned for å skrive eit dikt tilbake til eleven.

Takk for e-post med ærlige ord

Betydning av klasserom og trivsel er stor.

Derfor er det satt av 17 mill til å pusse opp,

slik at dere elever skal ha det helt topp

Arbeidsgruppa med elevråd skal jobbe frem

en mer moderne Bø ungdomsskule innen 2025.

ordfører og kommunalsjef i Midt-Telemark

Ros frå språkforskar

Språkforskar Arne Torp blir glad når han høyrer om diktet frå ordføraren i Midt-Telemark.

– Det var sprettent og elegant. Eg må gi honnør til ordførar for å svare på den måten, seier Torp.

Styresmaktene har jobba for at språket som blir brukt i offentlege etatar skal vere enkelt å forstå. Torp meiner det er spesielt viktig å ha eit lett språk når ein vender seg til ungdom.

– Førespurnaden var jo også spøkefull og då er det viktig å ikkje bruke kranglete byråkratspråk, seier han.

Arne Torp

Språkforskar Arne Torp liker måten kommunen svarte ungdommen i Bø på.

Foto: NRK

– Koseleg at ordføraren bryr seg

Henrik Romnes hadde ikkje forventa svar tilbake frå ordføraren og vart positivt overraska.

Sjølv om klasserommet ikkje blir pussa opp før han har gått ut av ungdomsskulen, er det bra at kommunen gjer noko, seier han.

– At ordføraren bryr seg, er koseleg. Det hadde vore kjekt viss dei gjorde noko med vindauga medan vi går her, men sånn er det. Det er jo bra for dei som kjem etterpå at det skjer noko.