Hopp til innhold

Her har dei valt å forlenge hytteforbodet

Vinje kommune forlengjer det lokale forbodet mot å dra på hytta fram til 27. april.

Hytter i Holtardalen i Rauland

Vinje kommune forlengjer forbodet mot å dra på hytta fram til 27. april med heimel i smittevernlova. Biletet er frå Holtardalen i Rauland.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Den fjerde største hyttekommunen her i landet har jobba hardt for å unngå at det kom mange menneske på hytta i påska.

Ordførar Jon Rikard Kleven fryktar det nå skal kome 10.000 personar for å sjekke hytta og ta den siste skituren for vinteren etter påske når det nasjonale hytteforbodet blir oppheva.

– Vi er redd mange vil nytte sjansen når det nasjonale hytteforbodet blir oppheva 20. april for å dra og sjå til hytta, og bruke den siste skihelga i påskefjellet.

Jon Rikard Kleven, ordfører Vinje

Ordførar Jon Rikard Kleven i Vinje vil ikkje ha folk på hytta rett etter påske.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Kleven seier det er fine skiforhold og det er meldt om fint ver i fjellet.

– Då er vi redd vi får 10.000 menneske eller fleire samstundes. Og det er det vi ønskjer å unngå.

Velkomen på hytta i mai

Helga etter er det langhelg med 1. mai, og då er alle velkomen i Vinje. Då vil det ikkje lenger vere eit lokalt forbod mot å dra på hytta.

– Då ønskjer vi folk hjarteleg velkomen på hytta. Vi kjem til å forsterke legevakta den helga, men vi trur at folk ikkje vil ha skia på biltaket lenger i mai.

Difor trur ordføraren at ikkje alle hyttefolka vil kome samstundes, slik kommunen fryktar helga 25.–26. april.

Vinje kommune erstattar det lokale innreiseforbodet med eit nytt påbod om karantene for dei som pendlar til Oslo og Viken, minus Kongsberg kommune.

Vedtaka er gjort med heimel i smittevernlova, og gjeld for sju dagar om gongen.

Vil følgje nasjonale råd

Fleire hyttekommunar som NRK har vore i kontakt med, seier dei vil følgje dei nasjonale retningslinjene.

I Bykle kommune i Setesdal vil fleire politikarar i kommunestyret innføre eit lokalt hytteforbod. Politikarane skal ta stilling til dette på eit møte fredag denne veka.

Sirdal kommune i Agder vil avgjere kva dei vil gjere torsdag. Men der er det ikkje noko som tyder på at det blir innført lokale restriksjonar for å dra på hytta.

Hol kommune vil følgje dei nasjonale retningslinjene, og vil ikkje innføre eigne reglar.

Men det er fleire hyttekommunar med lokale retningslinjer som må ta stilling til kva dei gjer når det nasjonale hytteforbodet blir oppheva.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark