Dotter tilstår likskjending

NEDRE TELEMARK TINGRETT (NRK): Onsdag møtte dottera til Kari Grønnestad i retten, der ho er tiltalt for likskjending av mora. Ho erkjente straffskuld i retten.

Ljosåk og Andenæs

I RETTEN: Aktor Kjell Ove Ljosåk og forsvarar Ellen Holager Andenæs i Nedre Telemark tingrett.

Foto: Sjur Øverås Knudsen / NRK

Dottera (33) til Kari Grønnestad forklarte seg i retten i dag om kva som skjedde etter at mora var drepen i leilegheita hennar. Etterforskinga viser at Grønnestad døydde av ei hovudskade. Liket vart seinare dumpa i Skienselva, og det gjekk tre år før leivningane vart funne.

Ikkje tiltalt for drap

På grunn av manglande bevis, gjeld tiltalen likskjending og ikkje drap. Sambuaren til avdøde Kari Grønnestad, Karl Rikard Johansen, synest det er rart at dottera og den tidlegare sambuaren hennar ikkje er tiltalte for drap.

Karl Rikard Johansen

Kari Grønnestads sambuar gjennom mange år, Karl Rikard Johansen, følgde rettssaka.

Foto: Sjur Øverås Knudsen / NRK

– Eg håpar på rettferd. Dei fortener å bli tiltalt etter drapsparagrafen. At det ikkje er mogleg i dag, synest eg er veldig leitt, sa Johansen før rettsforhandlingane tok til.

Den tiltalte sin forsvarar, Ellen Holager Andenæs, presiserte at saka som er oppe i retten gjeld kva som skjedde med leivningane til Kari Grønnestad. Det som skjedde før ho døydde er ikkje eit tema.

Ellen Holager Andenæs

FORSVARAR: Ellen Holager Andenæs forsvarar den tiltalte kvinna.

Foto: Sjur Øverås Knudsen / NRK

Sonen var til stades

Tiltalte var prega under rettssaka, og sa at ho syntest det var vanskeleg å forklare seg. Ho forklarte at ho og sambuaren hadde ein tre år gamal son som var til stades i leilegheita da Kari Grønnestad vart drepen.

Tiltalte forklarte at mora låg død på badet, og dei pakka henne inn i ei dyne. Så skjedde det ikkje noko meir før sonen var i seng og hadde lagt seg for kvelden.

Seinare pakka dei inn liket og la henne i eit bur. Om morgonen bar dei buret opp i andre etasje før sonen vakna.

Gjorde som sambuaren sa

Den tiltalte kvinna fortalde til retten at det var sambuaren hennar som tok regien etter at Grønnestad var død. Han bad henne om å hjelpe til, og å hente teip og søppelsekkar.

Tiltalte seier at ho ikkje veit kvifor ho gjorde det han bad henne om, men at ho var sjokkert over det som hadde skjedd.

Dagen etter bar dei buret med leivningane ut i bilen, og sambuaren reiste av garde. Tiltalte seier at ho vart att åleine heime for å passe på sonen, og at ho heller ikkje kunne å køyre bil.

Skienselva der Kari Grønnestad ble funnet

FUNNE I SKIENSELVA: 22. april 2015 stadfesta politiet at dei hadde funne leivningar av eit menneske i Skienselva.

Foto: Stine Hansen Bakkebø / NRK

Trua med å drepe henne

I avhøyr har den tiltalte kvinna og sambuaren skulda på kvarandre, og begge har forklart at det var den andre som drap Grønnestad og dumpa henne i elva.

Tiltalte forklarte at sambuaren har trua henne i etterkant, og sa at ho skulle ta på seg skulda for alt. Han tok kvelartak på henne og sa at han ville drepe henne om ho ikkje gjorde som han sa.

Kan sleppe fengsel

Aktor Kjell Ove Ljosåk la ned påstand om seks månadar fengsel for den tiltalte kvinna. Frådraget for varetektsfengslinga er også seks månadar, og kvinna treng i så fall ikkje å sone.