Hopp til innhold

Varslar Israel-demonstrasjonar – stenger stadion for publikum

Ingen tilskuere slepper inn på dagens EM-kvalifiseringskampar på Skagerak Arena i Skien.

Skagerak arena

KAMPARENAEN I SKIEN: Det er både sivilt og uniformert politi til stades når det israelske G19-landslaget speler kampane sine på Skagerak Arena.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Både Noregs møte med Montenegro og Israels kamp mot Montenegro går for tomme tribunar.

Noregs Fotballforbund (NFF) har saman med det europeiske fotballforbundet bestemt at tribunane skal stengjast for å vareta sikkerheita til både spelarar og publikum.

Det er planlagt demonstrasjonar på utsida av Skagerak Arena før alle kampane i G19-turneringa frå 20. til 26. mars. Hovudaksjonen er dagen Noreg skal spele mot Israel.

– Vi anbefaler å ikkje ta med små barn på demonstrasjonen, seier Janne Løken i «Hjerte for Palestina».

– Vi demonstrerer på ein fredeleg måte, men vi veit jo ikkje korleis andre vil oppføre seg. Det kan komme motdemonstrantar som er ute etter å lage kvalme.

«Med Israel for fred» lèt seg ikkje skremme av at det skal vere demonstrasjonar. Dei oppfordrar publikum til å ta med flagg og heie når Israel spelar kampane sine.

Les også Israelsk landslag spiller i Skien: – Vi lar oss ikke skremme vekk

Skagerak Arena

– Mykje kjensler

Løken seier dei av og til opplever at folk har med seg små barn på demonstrasjonar, og seier det denne gongen kan bli mange folk.

– Folk må vurdere sjølv, men det hender det er med barn ned i 3-årsalderen.

Janne Løken i "Hjerte for Palestina"

Janne Løken i «Hjerte for Palestina» seier det er lurt å ikkje ha med for små barn under demonstrasjonane.

Foto: privat

– Eg er ikkje bekymra for vår del, men på ein slik demonstrasjon med to sider, og det er mykje kjensler involverte, veit ein aldri.

Likevel reknar ho med at politiet har kontroll og at det kjem til å vere god sikkerheit.

– Tar høgde for at ting kan eskalere

Politiet har i lengre tid planlagt for sikkerheita under arrangementet.

Leiar for politiet i Telemark, Dag Størksen, seier til NRK tysdag at dei tidleg blei involverte av Noregs Fotballforbund.

Han meiner dei har planlagt sikkerheita godt.

– Vi ønsker folk velkommen til å ytre seg, men håpar og forventar at dei oppfører seg fint. Så har vi sjølvsagt tatt høgde for at ting kan eskalere, sa Størksen før NFF valgde å stengje tribunane.

Dag Størksen

Dag Størksen, leiar for politiet i Telemark, seier dei har planlagt sikkerheita godt, og er godt førebudde.

Foto: Robert Hansen / NRK

Politiet er til stades med både sivilt og uniformert personell, men Størksen vil ikkje gå i detaljar om sikkerheitsopplegget.

– Fryktar de motdemonstrantar?

– Ja, vi ser ikkje bort frå at det kjem folk frå begge sider for å ytre seg. Oppfordringa er at dei forheld seg roleg og oppfører seg fint.

Størksen seier det ikkje er så lenge sidan Sian-markeringane blei gjennomførte både i Skien og Porsgrunn med eit stort sikkerheitsoppbod.

– Dette er ikkje noko usedvanleg for oss. Det er ei oppgåve vi er førebudde på å ta, og vi har gjort dei nødvendige førebuingane.