Det spøker for neste års bluesfestival på Notodden. Klarar dei ikkje å skaffa pengar, kan Bluesfestivalen i verste fall gå konkurs.
Styreleiar Runar Lia i Notodden Bluesfestival fortel dei treng tre millionar kroner ganske snart i form av garantiar, og tilskot på to millionar kroner til ny eigenkapital.
– Vi håpar å få dette på plass i løpet av oktober i år. Elles kan årets Bluesfestival bli den siste, seier Lia.
Utenkeleg å miste Bluesfestivalen
Notodden kommune er positiv til støtte, men vil krevje endringar i form av billigare festivalar i framtida.
– Det er nesten utenkeleg å miste Bluesfestivalen. Det håpar eg ikkje skal skje, seier varaordførar Torgeir Bakken.
Han meiner Notodden kommune har økonomiske musklar til å hjelpe Bluesfestivalen dersom politikarane ønskjer det.
– Mitt private syn er at Notodden ikkje har råd til å miste Bluesfestivalen. Og eg vil bli veldig overraska viss det politiske miljøet på Notodden meiner det.
Festivalsjefen er førebudd på å gå
Festivalsjef Jostein Forsberg seier at det er billettsalet som har svikta for Bluesfestivalen i 2018. I år blei det selt 6500 færre billettar enn året før då billettsalet enda på 24.000.
– Vi må berre erkjenne at vi ikkje trefte heilt med artistane. Vi har hatt nedturar før, men vi har reist oss etter det. Så vi har ikkje så lett for å gje opp.
Festivalsjefen er også førebudd på å gå av dersom det kjem krav om det.
– Då er det slik det er, seier Forsberg.
Mange som ikkje kjøper billett
Styreleiar Runar Lia seier at Bluesfestivalen no vil gå gjennom den musikalske profilen.
– Det handlar om musikktilbodet, billettstruktur og andre ting som vi nå må analysere. Vi ser at torget på Notodden blir fylt med folk, men dei kjøper ikkje billett.
Lia fortel at mange meiner det er dyrt å kjøpe billett når du kjem på torget klokka 19 på kvelden, og må kjøpe festivalpass til 1390 kroner.
– Kanskje vi må sjå på om vi skal tilby ein kveldsbillett.