– Eg skjønar ikkje at nokon kan støtte eit krav som er basert på eit så tynt grunnlag, seier ordførar i Porsgrunn, Robin Kåss (Ap).
Som ordførar er Kåss leiar av valstyret i Porsgrunn. Dei skal behandle klaga frå FrP førstkommande måndag.
ALVORLEG: Ordførar i Porsgrunn, Robin Kåss, seier det er alvorlege skuldingar FrP no kjem med.
Foto: Katrine Rohde Johannessen / NRK– Dei krev attval for heile kommunen. Det er eit dramatisk krav, og det er Stortinget som eventuelt må ta ei avgjersle i saka, seier Kåss.
Han får støtte frå leiaren av valstyret i den andre kommunen Tajik haldt føredrag.
– Slik eg har forstått det så har det ikkje skjedd nokre brot på vallova i samband med Tajik sitt besøk, seier ordførar i Bø, Olav Kasland (V).
Kasland var ikkje til stades under besøket, men har vorte fortalt at ting gjekk ryddig for seg.
– Hadja Tajik gjekk rett opp i førelesingssalen i tredje etasje da ho kom til skulen. Partikollegaene ho hadde med seg var heller ikkje kledd i uniformer som synte at dei var frå Arbeidarpartiet, seier Kasland.
Vidare syner Kasland til vallova, og peiker på at valagitasjon må gå føre seg i det same rommet som ein førehandsrøyster om det skal vere lovbrot. Førehandsrøystinga gjekk føre seg i fyrste etasje på skulen.
Meir om saka:
IKKJE ULOVLEG: Ordførar i Bø, Olav Kasland meiner FrP si klage ikkje vil få gjennomslag.
Foto: Roald Marker / NRK– Må takast på alvor
Det er 3.-kandidat for Telemark Framstegsparti, Adrian Ness Løvsjø som har sendt inn klaga på vegner av partiet. Han tykkjer ikkje Tajik sitt besøk var etter boka.
KLAGA: Adrian Ness Løvsjø klaga inn Tajik-besøket på vegner av partiet sitt.
Foto: Roald Marker / NRK– Me meiner at dei som har førehandsrøysta i Bø, og til dels i Porsgrunn, ikkje har kunne stemt utan å verte påverka, seier Løvsjø.
– Er dette berre eit valkamputspel?
– Me er opptekne av å følgje regelverket. Me har også fått meldingar frå studentar ved skulane som ikkje tykkjer dette er greitt. Difor tek me det på alvor og sender inn klager til valstyra i begge kommunane, seier Løvsjø.