SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Porsgrunn kommune avviser førebels erstatningskravet frå Bente Søyland.
Fungerande rådmann Jan Lasse Hansen, meiner at Porsgrunn kommune ikkje åleine har ansvaret for utviklinga i denne saka.
Porsgrunn kommune avviser erstatningsansvar for Bente Søyland som stod fram i Brennpunkt på NRK 1.
Han seier at også aksjonsgruppa, og fylkesmannen må ta delar av ansvaret for det som skjedde.
- Dei som hindrar hjelpeapparatet i å gjere den jobben dei meiner er rett, tek på seg eit veldig stort moralsk ansvar. Og i denne saka ser vi at det ikkje gjekk så bra som hjelperane hadde tenkt seg, seier Hansen.
Har forsømt sitt arbeid
I programmet Brennpunkt på NRK 1 sist tysdag, fortalte Bente og Anne Berit Søyland si historie om korleis dei blei tekne ut av sine fosterheimar og tilbakeført til sine biologiske foreldre.
Nå kjem den eine av systrene, Bente Søyland, med eit erstatningskrav mot Porsgrunn kommune. Ho meiner at barnevernet har forsømt sitt arbeid.
Men fungerande rådmann i Porsgrunn kommune, Jan Lasse Hansen, meiner at ansvaret i denne saka må delast på fleire.
- Når ein skal vurdere kven som er den rette å saksøke, så må ein også ta med at Fylkesmannen omgjorde det vedtaket som kommunen gjorde, seier Hansen.
Får tilbod om hjelp
Han seier at kommunen prøvde å spele ei langt meir aktiv rolle enn dei fekk lov til å spele.
- Det er ikkje dermed sagt at ikkje kommunen kunne gjort meir, seier Hansen.
Han seier at dei to systrene er vaksne menneske i dag, og at kommunen ikkje utan vidare kan gripe inn i deira liv.
- Men dei har teke kontakt med kommunen og bede om hjelp, og det er ein dialog med kommunen om tilbod til dei, seier Hansen.