Hopp til innhold

Åtte julegåvetips til dei som elskar opplevingar

Stadig fleire set pris på opplevingsgåver. Her får du gode tips til kva du kan gi bort.

Vaffel ved Fugleleiken.

OPPLEVINGAR I JULEGÅVE: Ei julegåve kan vera ein vaffeltur ute i naturen.

Foto: Guro Saara

– Eg trur mange har lyst til å bremsa julegåvekarusellen, seier Henriette Hack, som jobbar som frivilligkoordinator og kontorleiar i Den Norske Turistforening.

Likevel ønskjer me å gi gåver med kjærleik og meining, sjølv om fleire av oss kjenner på dårlegare råd enn før.

Turistforeininga merkar at stadig fleire av oss set pris på opplevingsgåver.

– Du kan leggja mykje kjærleik og innsats i ei slik gåve, sjølv om ho kanskje kostar deg lite i kroner og øre. For å gjera gåva meir konkret kan du foreslå datoar og stader, og leggja med noko du må ta med under opplevinga.

Her får du ni gode tips til opplevingar du kan gi bort til jul.

Gi bort ein hyttetur

Snellingen DNT-hytte i Oslomarka.

Kva med ei overnatting her?

Foto: Nina Didriksen / NRK

Gi bort ein hyttetur og deg sjølv som turfølgje. Om det ikkje passar med overnatting, er dagstur eit fint alternativ. Då kan hytta vera eit turmål.

– Ta eit vaffelbesøk på Fugleleiken på Luksefjell, eller Jambakkmyra på Krokheia, seier Hack.

Eit kart med invitasjon til tur

To turister i fjellet ser og peker på et kart

Gi bort eit kart med eit spennande turmål.

Foto: Marius Dalseg Sætre

Gi bort eit kart til ein tur som de kan gjennomføra saman. Kartet kan vera brukt eller kjøpt nytt. Rull det saman, knyt ei raud sløyfe rundt og heng det på juletreet.

– Det kan vera ei spennande oppleving for barn, frå å pakka ut kartet til sjølve «ekspedisjonsdagen». I DNT tenkjer me at det er ei gåve å oppleva naturen saman med nokon ein er glad i.

Ein middag ute

Pizzasnurr på bålet

Mat smaker definitivt aller best utandørs.

Foto: Linn Pollard / Linn Pollard

Det er noko ekstra spesielt med eit måltid utandørs. Gi bort ein kveldstur i nærmiljøet og middag frå bål, primus eller termos.

– Kva med fiskeburgar i hamburgarbrød, søt chilisaus og råkostsalat. Nam!

Reparasjon av turklede eller utstyr

Sy selv

DYI. Gjer det sjølv og sy turbuksa som har fått hol.

Foto: NRK

Er du god til å reparera og fiksa, kan du gi bort eit heimelaga klippekort på reparasjonar.

– Meir miljøvennleg gåve finn du neppe. Du kjøper ikkje noko nytt, og kleda og utstyra til mottakaren får eit lengre liv, seier Hack i Turistforeininga.

Gi bort kunnskap til jul

Gosia Dvořáková med kart og kompass

Kva med å gi bort eit kurs i å læra korleis du les eit kompass?

Foto: Privat

Det er aldri for seint å læra noko nytt. Kanskje du kan gi nokon ein ny hobby, og eit minne for livet.

– I DNT pleier me å arrangera kart- og kompasskurs, turleiarkurs og ferskingskurs.

Lakenpose eller sengesett

En uoppredd dobbeltseng

Ein lakenpose eller eit sengesett trengst om du skal ut på tur.

Foto: Colourbox

Lakenposar eller sengesett som laga av mykt og slitesterkt stoff, til dømes i voven natursilke kan vera ei fin gåve. Desse produkta lever og kan brukast lenge, og dermed er miljøbelastninga lågare enn for produkt av kortare levetid.

Inviter på båltur i nærmiljøet

Bål

Bålkos ute i marka er ei hyggjeleg gåve å gi og få.

Foto: Hallgrim Rogn / Den Norske Turistforening

Skriv eit julekort der du inviterer på båltur, gjerne på ein spesiell dato, slik at både mottakar og givar kan byrja å gle seg. Når dagen kjem, pakkar du sekken og tek med litt ved. Så kan de kosa dykk med å grilla noko på bålet.

– Noko som er kjempelett og kjempegodt, er to skiver med ost imellom. Smør litt smør på utsida for å få skiva litt sprø, og pakk den inn i folie før du varmar ho på bålet. Dette er ein innertiar hos dei fleste barn.

Turbøker

På tur med Lars Monsen

Vil du vera med på tur med Lars Monsen?

Foto: NRK

Det finst mange gode inspirasjonsbøker for den som planlegg turar eller treng inspirasjon for å komma seg ut. Om du har ei brukt bok du sjølv er glad i, kan du gi bort ho og forklara med eit kort kva som er ekstra bra med boka.

– Ei personleg boktilråding er ei gåve med meining.

Hei

Takk for at du leser. Har du tips eller innspill til denne saken eller andre ting vi bør skrive om? Send meg gjerne en e-post!