Hopp til innhold

Anne Marie (105) flytta heim til småbruket: – Det var som eit eventyr

Etter lange veker med restriksjonar på omsorgssenteret, fekk mor og dotter nok. 105 år gamle Anne Marie Moland flytta heim.

Anne Marie Moland og datteren Åsbjørg Moland.

SAMAN: Anne Marie Moland og dottera Åsbjørg Moland samla rundt bordet der dei har sete så mange gonger før.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Koronaåret har forandra dagleglivet for dei fleste av oss.

Slik var det òg for Anne Marie Moland, som budde på eit omsorgssenter i Seljord då epidemien trefte Noreg for alvor i fjor.

Der hadde ho det trygt og godt, men dottera Åsbjørg Moland synest det var tøft å berre kunne halde kontakt med mora via telefon og sjeldne møte.

Det skapte avstand og sakn.

I sommar tok sistnemnde derfor ei avgjerd dei begge er glade for i dag.

No bur mora heime hos dottera på småbruket i Flatdal. Den vesle bygda dei begge er så glade i.

Held seg i rørsle

For Anne Marie kjennest det godt å vere heime i huset ho sjølv har budd nesten heile det vaksne livet sitt.

– Det er kjent og kjært, seier ho mildt.

– Det var som eit eventyr.

Anne Marie Moland

HAR KUNNA LESE I 100 ÅR: Det er hundre år sidan ho lærte å lese. Anne Marie Moland treng framleis ikkje briller når ho får med seg siste nytt frå lokalavisa Varden.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

105-åringen er i god form.

Ho les lokalavisa utan briller kvar dag. Strikkar og går rundt i huset med ein gåstol.

I haust, då det var bart, gjekk ho små turar med rullatoren på gardsvegen.

– Utan rørsle blir ein fort stiv, poengterer Anne Marie.

Dottera Åsbjørg, som nyleg vart pensjonist, sørgjer for at mora har det ho treng i kvardagen.

Må ho ut eit ærend, får ho hjelp.

Kommunen betalar omsorgslønn til ein nabo, som stiller opp når det er behov for å sjå til mora nokre timar.

Ein draum

Tanken om å flytte mora heim kom gradvis i løpet av våren, fortel Åsbjørg.

For sjølv om Anne Marie kunne få besøk igjen då den første koronabølgja hadde lagt seg, ønskte dottera å vere føre var i tilfelle smitten skulle blusse opp.

Det gjorde ho lurt i.

– Eg følte eg måtte hente henne heim før det vart meir korona i Seljord.

Ho la ein plan i samarbeid med kommunen, før ho informerte mora om det som skulle skje.

Reaksjonen til Anne Marie var ikkje til å misforstå.

– Ho spurde både meg og pleiarane fleire gonger om dette var noko ho hadde drøymt, smiler Åsbjørg.

Helsar våren velkommen

– Kva skjer når koronaen forsvinn, og smittetrykket i samfunnet lettar igjen?

– Då held vi fram som no. Mor har flytta heim, forsikrar Åsbjørg.

Anne Marie Moland og datteren Åsbjørg Moland

SNUSAR PÅ VÅREN: Anne Marie Moland og dottera Åsbjørg Moland tek eit drag frisk luft. 105-åringen gleder seg til å gå tur igjen.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Livet har lært mora at det viktigaste er å møte dagane med optimisme.

– Vise omsyn. Gjere det beste ut av det. Elles stoppar ting fort opp, smiler ho.

Om ikkje lenge håpar Anne Marie å kunne ta seg ein tur ut på vegen igjen, for å nyte våren.

– Snøen minkar jo fort når sola skin, seier den livsglade 105-åringen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark