Hopp til innhold

Alvorleg bilulykke fekk Anders til å følgje racingdraumen

Bit for bit har Anders (32) bygd opp både ein racerbil og seg sjølv etter ei ulykke i 2014. – Det er rørande korleis han tek ansvar for eiga psykisk helse, seier Line Toft i Mental Helse Ungdom.

Anders Holst Kjellsen

Anders Holst Kjellsen frå Midt-Telemark overlevde ei alvorleg trafikkulykke. I motgangen etterpå har han valt å følgje draumen sin.

Foto: Anita Moland / NRK

32 år gamle Anders Holst Kjellsen frå Midt-Telemark køyrer ein knall raud BMW 92-modell. Racingbilen har han ribba for interiør og isolasjon. Deretter har han sett inn halvbur og racingsstoler.

Bilen er brote ned og bygd opp igjen. Akkurat som Anders sjølv.

– Bil og motor har vore lidenskapen min sidan eg var liten, fortel han.

Ein helt vanleg køyretur førte han òg inn i ein livsfarleg situasjon.

Anders Holst Kjellsen

I trafikkulykka i 2014 vart Anders skadd i nakken, og fekk store problem med rygg og skeive som framleis gir han smerter.

Foto: Privat

Mista tre år

Ein sommardag i 2014 køyrde han bak ein bil, som plutseleg stoppa heilt opp. Motlys gjorde at Anders oppdaga situasjonen for seint.

– Eg byrja å bremse, men det var ikkje nok. Eg måtte halde fram rett fram på grunn av motgåande trafikk.

Kollisjonen førte til tre tunge år, som for det meste vart halde til på sofaen.

– Eg hugsar ikkje så mykje frå den tida. Eg prøvde å jobbe, men det vart veldig mykje av og på.

På skjermen i Rådebank

Nyleg var Anders ein av dei heldige som fekk statistrolle i NRK-serien Rådebank, som handlar om eit rånarmiljø i Bø i Telemark. I to sesongar har rundt ein halv million sjåarar følgde dramaserien, som mellom anna sette søkjelyset på unge menn og psykisk helse i sesong 2.

Det skjedde ved at ein av rollekarakterane tek sitt eige liv.

Anders er fan av serien, fordi han kjenner seg godt igjen i dei psykiske vanskane som serien tek opp. Spesielt for nokon som lever med fysiske smerter 24 timar i døgnet.

Dramaserien Rådebank følger GT (Odin Waage) i livet som råner på bygda.

I dramaserien Rådebank får karakteren GT (Odin Waage) vite at bestevennen hans har teke sitt eige liv.

Foto: Fenomen / NRK

– Då får ein veldig mange tunge tankar, forklarer Anders.

– Viss ein ikkje søkjer om hjelp til det, kan det gå som med han eine i Rådebank. Og det er ikkje noko å tulle med.

I motgangen fann Anders oppskrifta på eit godt liv.

– Eg søkte hjelp tidleg. Eg går faktisk framleis i terapi den dag i dag, for å styrkje det mentale. Det er like viktig som kroppen.

Draumar om NM i racing

Han mista ikkje lidenskapen for motor, fart og spenning. Sjølv om han i dag er ufør, er målet å komme tilbake i jobb.

Anders Holst Kjellsen

I dag følgjer Anders draumen om å bli racerbilsjåfør. Hans råd til andre gutar og menn som slit med noko i livet, er å søkje hjelp og finne noko i livet som er positivt. Gode opplevingar og kjensler gjer at han gløymer smertene.

Foto: Privat

Anders skal bli Noregs beste racingsjåfør.

– Det er det eg brenn for og det er herleg at eg endeleg kan jobbe imot det.

Ulykka har ført Anders i gjeld.

Men ved hjelp av initiativet til ei venninne, er det mange som har hjelpt han eit steg nærare draumen om NM.

– Eg har fått alt frå T-skjorter til bildelar. Eg er ikkje vane med å få ting, så eg blir heilt sett ut. Det er heilt utruleg at det finst folk som har lyst til å hjelpe nokon som ikkje har anna å vise til enn lidenskap og eit mål, seier Anders, som håpar fleire har lyst til å bidra.

Får ros for openheita

Line Toft er kommunikasjonssjef i Mental Helse Ungdom. Ho rosar Anders for å vere open om sine eigne plager.

– Det er rørande å høyre Anders si historie, og sjå korleis han tek ansvar for si eiga psykiske helse. Ved å vere open er Anders òg med på å bryte ned stigma, noko som vil gjere vegen mykje lettare for nestemann.

Toft seier at sjølv om mange som slit psykisk har behov for hjelp i lengre periodar, er det viktig at ein sjølv ønskjer å bli betre for å kunne lykkast.

Line Toft, kommunikasjonssjef i Mental Helse Ungdom

Kommunikasjons- og innsamlingssjef i Mental Helse Ungdom, Line Toft, seier at det er rørande sjå korleis Anders tek ansvar for si eiga psykiske helse.

Foto: David Gustavsen

– Mykje av jobben gjer vi sjølv, men ofte med samtalar og ulike «verktøy» på sidan, forklarer Toft.

Anders sjølv har ein klar bodskap til gutar og menn som slit med noko i livet sitt.

– Akseptar situasjonen som han er. Tenk på deg sjølv og ikkje kva andre seier rundt deg. Søk hjelp og snakk med nokon du er trygg på. Og skaff deg noko i livet ditt som er positivt.