Hopp til innhold

13 av 18 i denne klassa søv for lite

NRK målte søvnmønsteret til ei skuleklasse for å sjå kor mykje dei søv.

Klasse

MÅLING: NRK målte søvnmønsteret til 18 elevar ved Porsgrunn vidaregåande skule.

Foto: Martin Torstveit / NRK

I snitt sov elevane 6 timar og 41 minutt. Det er nesten to timar mindre enn tilrådd.

  • Kortaste målte søvn var 3 timar og 24 minuttar.
  • Lengste målte søvn var 10 timar og 57 minuttar.
  • Av dei 13 elevane som sov under sju timar, var snittida 6 timar og 19 minutt.

– Eg trudde faktisk me sov mindre. Folk søv jo i timane, så ein skulle tru dei berre sov tre timar om natta, seier Joakim Caspar Meen, som har vore med på testen.

Sjølv innrømmer han at han søv mindre enn gjennomsnittet i klassa. Ofte er det bruk av mobil som må ta skulda for lite søvn, men stress er også ein faktor.

– Eg har fått stressanfall. Før ei prøve for eksempel. Da kan eg tenke at eg stryk og at livet blir ræva og alt det der.

Joakim Caspar Meen

UNDERSKOT: Joakim Caspar Meen seier han søv mindre enn han burde.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Stort problem

Læraren til 3. -klassa ved Porsgrunn vidaregåande skule, Christina Helland, er ikkje overraska over det låge søvnsnittet blant elevane.

– Dei er tydleg søvnige i klasserommet. Dei gjespar og er lite fokuserte.

Ho erfarer at dette har blitt eit stort problem i norske klasserom, og peiker på at denne klassa ikkje er noko trøyttare enn i andre klasser ho underviser.

– Eg trur det byrjar å bli eit folkehelseproblem.

Christina Hellland - Lærar ved Porsgrunn vgs

TRØYTTE ELEVAR: Lærar, Christina Helland, merkar at elevane slit med å konsentrere seg.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Kan utvikle dårleg psykisk helse

Søvnforskar og psykologispesialist, Marit Hysing, stadfestar at søvnmangel byrjar å bli eit stort problem, spesielt blant dei unge.

Forskinga hennar syner at ungdom i snitt søv 6 timar og 25 minutt.

På sikt kan det gjeve ungdomane psykiske plager.

– Vanlege problem i kvardagen blir katastrofale for ungdommar, som ikkje får nok søvn.

Søvnforskaren meiner det er vanskeleg for unge i dag å prioritere søvn, fordi samfunnet er døgnopent. I tillegg peiker ungdommen på skulepress.

– Det beste hadde vore om skulane la opp til at skulearbeidet blei gjort på dagtid, og ikkje hadde innleveringsfristar til midnatt.

Marit Hysing

SØVNFORSKAR: Marit Hysing har lenge forska på søvn blant unge.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Ifølgje Helland skal livsmeistring inn i alle fag neste år. Ho trur det kan vere med på å setje fokus på søvn.

– Eg trur også mykje av problemet handlar om at dei har for lite fritid. Dei bør ha fleire timar i døgnet der dei ikkje har plikter, seier Helland.

NRK understrekar at søvnmålinga berre er eit eksperiment, som ikkje må bli forveksla med forsking. Elevane blei målt i fem dagar, men av tekniske årsaker greidde me berre hente ut fullstendige data frå tre netter. Elevane leverte også inn eit spørjeskjema.