Vil ta namneendring til Stortinget
Ap meiner at namneendringa av Sørlandsbanen er ei offentleg sak som må opp i Stortinget. Det er det britiske togselskapet Go-Ahead, som vann anbodet om togtrafikken på Sørlandsbanen, som ynskjer å kalle toga på strekninga for Sørtoget.