Hopp til innhold

Zelenskyj seier han var minutt frå å bli teken til fange

Russiske fallskjermjegerar skal ha vore minutt frå å ha fått tak i president Zelenskyj og familien hans den natta krigen braut ut.

Volodymyr Zelenskyj 25. februar 2022

Dette biletet er frå ein video som president Volodymyr Zelenskyj la ut på Facebook eitt døgn uti krigen. Vi er framleis her, sa han, der han står utanfor presidentbygninga i Kyiv saman med rådgjevarane sine.

Foto: AFP

I eit intervju med magasinet Time fortel Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj om kor nær han var frå å bli teken til fange av russiske styrkar i dei første timane av invasjonen 24. februar i år.

Forsiden på Time med Zelenskyj

Framsida på Time Magazine

Foto: Alexander Chekmenev

Det stod berre om minutt før Zelenskyj og familien hans vart funnen, skriv journalisten Simon Shuster, som var saman med presidenten i bunkeren hans i Kyiv i to veker i april.

Høyrde skyting utanfor

Militæret skal ha fortalt Zelenskyj at russiske fallskjermjegerar hadde teke seg inn i byen med målet å fange og mogelegvis drepe presidenten og familien hans.

Rett utanfor regjeringsbygninga høyrde dei skot. Vaktene inne sløkte lyset og presidenten og dei rundt han fekk rifler og skotsikre vestar.

Då dette gjekk føre seg, var både kona og barna til Zelenskyj framleis til stades.

Russiske styrkar gjorde to forsøk på å storme bygninga den natta, fortalde rådgivaren til presidenten, Oleksij Arestovitsj, til Time-reporteren.

Zelenskyj taler 24. februar 2022

24. februar heldt Zelenskyj den første videotalen sin om krigen, berre 24 timar ut i åtaket. Då hadde han framleis på seg kvit skjorte. Seinare vart grøn t-skjorte fast antrekk.

Foto: Ukrainas presidentkontor / AFP

Det berømte sitatet

Den natta fekk Zelenskyj tilbod frå amerikanarane om å bli evakuert slik at han kunne setje opp ei regjering i eksil.

På telefon med amerikanske styresmakter sa Zelenskyj dei berømte orda: «Eg treng ammunisjon, ikkje skyss».

Etter to månader med krig, seier Zelenskyj no:

– Eg har blitt eldre. Kunnskapen eg no har, og som eg aldri ønskte, har aldra meg. Kunnskapen om menneska som er døde, og den torturen som dei russiske soldatane har utført ... For å vere ærleg, eg hadde aldri noko mål om å oppnå ei slik innsikt.

SISTE NYTT

Siste nytt