Hopp til innhold

Zelenskyj på G7-toppmøtet: Skal diskutere kampfly-samarbeid med Biden

Den ukrainske presidenten har landa i Japan før G7-toppmøtet. «Snart får Ukraina alt det treng til å forsvare luftrommet», seier stabssjefen hans.

Volodymyr Zelensky ankommer Japan og G7-møtet

TOPPMØTE-MARATON: Volodymyr Zelenskyj har vore på fleire store toppmøte i Mai. Her landa han i Hiroshima.

Foto: YUICHI YAMAZAKI / AFP

I utgangspunktet skulle president Volodymyr Zelenskyj snakke til G7-landa på videolink.

Laurdag kom han sjølv fram til Hiroshima, byen i Japan der ei atombombe for første gong blei brukt i krig.

– Vi er nærare fred i dag, skreiv presidenten i ein tweet og kalla det eit viktig møte for venner og partnarar av Ukraina.

Besøket er truleg symboltungt for ein leiar i krig, som sjølv har blitt utsett for atomtrugslar frå invasjonsmakta Russland.

Hiroshima er også heimbyen til Japans statsminister, Fumio Kishida, og dette er byen han blei valt inn ifrå. Derfor betyr det truleg mykje at Zelenskyj kjem i eigen person.

Japan G7 Summit

Statsleiarane samla seg til eit «familiebilete» ​​​​​​​ på den første dagen av toppmøtet, fredag 19. mai.

Foto: Stefan Rousseau / AP

Men den eigentlege årsaka til besøket er truleg ei anna.

Zelenskyj har den siste tida vore på fleire internasjonale toppmøte, som det nordiske i Helsingfors og det arabiske i Jeddah.

Landa han no skal snakke med er ikkje berre blant dei største våpenprodusentane i verda. Fleire av dei er også verdas største bidragsytarar til Ukraina sitt forsvar.

Gruppa har også nyleg råka det dei kallar for Russland si «krigsmaskin» med ytterlegare sanksjonar, skriv AFP.

F-16 kampfly

Under den første dagen på G7-møtet fortalde Joe Biden dei andre statsleiarane at Washington ville støtte opplæring av ukrainske pilotar i F-16 jagarfly.

Dette er ifølge ein talsperson for Det kvite huset.

– Sidan denne opplæringa vil skje i løpet av dei neste månadane, vil koalisjonen av land som tek del i denne innsatsen bestemme når dei faktisk skal bidra med jagarfly, kor mange vi skal sende, og kven som skal sende dei, skal presidenten ha sagt.

– Veldig snart får Ukraina alt det treng til å forsvare luftrommet vårt, byane våre og borgarane våre, sa stabssjefen til Zelenskyj, Andriy Yermak i ei tv-sending fredag.

NATO holds an air display event in Poland

Amerikanske F-16 blei viste fram i mars under eit Nato-arrangement i Polen.

Foto: LUKASZ GLOWALA / Reuters

G7 har, som namnet tilseier, 7 medlemsland: Canada, Frankrike, Tyskland, Italia, Japan, Storbritannia og USA.

Fleire av desse er blant dei største våpenprodusentane i verda. Blant dei er verdas største bidragsytarar til Ukraina sitt forsvar.

Ein viktig våpenprodusent er Sør-Korea, som i dag leverer stridsvogner til Polen og kan bli ein viktig leverandør av ammunisjon for Ukraina.

Når det gjeld arrangøren Japan, hindrar den pasifistiske grunnlova landet i å bidra med våpenstøtte.

Men Kishida ønskjer å endre dette, slik at Japan kan spele ei større tryggingspolitisk rolle i utlandet framover.

Dette er de ti viktigste våpnene for Ukraina

Langsiktig pengestøtte

Det at Zelenskyj kjem til møtet i eigen person, styrker forventningane om at G7-landa og EU kan kome til å auke stønaden til Ukraina.

Karsten Friis

Friis er i Nupi si forskingsgruppe for tryggleik og forsvar.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

– Det å treffe folk ansikt til ansikt er alltid sterkare enn når ein møtast via ein videoskjerm. Hans hovudjobb er å halde støtta frå vestlege land, eller verda, gåande til forsvarskampen sin, fortel Karsten Friis, seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).

– Det handlar om to ting, trur eg: På kort sikt få ei løysing på F16-donasjonen som er på gang men ikkje har kome heilt enno, og det andre er langsiktige tryggleiksgarantiar, på sikt, og sjølvsagt økonomiske garantiar i framtida.

-

Ei Leopard 2-stridsvogn under ei øving i Tyskland. Landet førebur ein ny våpenpakke til Ukraina verd over 31 milliardar kroner.

Foto: INA FASSBENDER / AFP

Det er uvanleg at ein snakkar om tryggingspolitikk på eit økonomisk forum som G7, legg Friis til.

– Men det er noko med at ein må sjå litt strategisk og langsiktig på kva det eigentleg er vi held på med her.

– Krigen er øydeleggande for oss alle. Derfor må ein både sørge for at Ukraina vinn, og at det blir stabilt etterpå.

For medan G7 ikkje kan gi tryggingsgarantiar, kan landa for eksempel love langsiktig støtte til å bygge opp att landet når krigen er ferdig.

Dette er noko Friis meiner Zelenskyj vil prøve å få til.

Ein samla front mot atomtrugslar?

Det er tung symbolikk at Zelenskyj kjem til Hiroshima.

Fleire gongar sidan krigen starta har Vladimir Putin truga med å bruke atomvåpen, til sterke reaksjonar frå både Ukraina og vestlege stormakter.

South Korea Japan G7 Summit

I Sør-Korea var det demonstrasjon fredag mot utslepp av radioaktivt vatn frå Fukushima-kraftverket. Desse tre har på seg (frå venstre) masker av statsleiarane til Japan, USA og Sør-Korea.

Foto: Lee Jin-man / AP

Leiarane av G7-landa erklærte til verda fredag at dei «forplikta seg til å oppnå ei verd utan atomvåpen, med usvekt tryggleik for alle».

Dette vil dei få til gjennom ei «realistisk, pragmatisk og ansvarleg tilnærming» til utfordringa, heiter det vidare.

Søndag er siste dagen av toppmøtet. Ein lengre versjon av dette utsegna er venta å kome seinare på dagen, når leiarane har konkludert, ifølge Reuters.

Bad om støtte frå Den arabiske liga

Zelenskyj var også til stades på toppmøtet til Den arabiske liga fredag, som gjekk føre seg i Jeddah i Saudi-Arabia.

Der oppfordra han statsleiarane til stades om å støtte fredsplanen regjeringa hans har lagt fram.

– Diverre er det nokre i verda, og også her blant dykk, som vender eit blindt auge til dei ulovlege annekteringane, sa han ifølge AFP.

Blant samtalepunkta var også «politiske fangar på Krim og andre mellombelse okkuperte territorium» og «energisamarbeid», ifølge Zelenskyj sjølv.

-

Dette biletet er sendt ut frå det statlege nyheitsbyrået i Saudi-Arabia, og viser Zelenskyj saman med velkomstkomiteen fredag.

Foto: - / AFP

Golfstatane samarbeider med Russland på fleire plan og har til no stilt seg nøytrale til Ukraina-krigen.

Men kronprins Mohammad bin Salman, som i praksis styrer Saudi-Arabia, sa fredag at han står klar til å mekle mellom landa.

Zelenskyj kan også kome til å møte Bashar al-Assad, presidenten i Syria, som blei ønska velkommen på det arabiske toppmøtet etter elleve år ute i kulda.

Syria og Russland har lenge vore nære allierte. Assad var avhengig av Russland og Iran for å slå ned opprøra og bli sitjande ved makta.

SISTE NYTT

Siste nytt