Hopp til innhold

Kim Jong-nam ynskjer broren lukke til

Den eldste sonen til Kim Jong-il seier han er motstandar av at jobben som leiar i Nord-Korea skal gå i arv, men at han ynskjer veslebroren sin lukke til som farens etterfølgjar.

Kim Jong-nam vinkar til fotografen i Macao i juli i år.

Kim Jong-nam lever eit luksusliv i den tidlegare portugisiske kolonien Macao, no ein del av Kina.

Foto: JoongAng Sunday / Afp

Kim Jong-nam fotografert i Macao i juni 2010.

Kim Jong-nam seier at han ikkje har hatt ambisjonar om å bli leiar i Nord-Korea.

Foto: JoongAng Sunday / Afp

39 år gamle Kim Jong-nam er eldste sonen til den nordkoreanske leiaren Kim Jong-il, og barnebarnet til landets evige president Kim Il Sung. Kim Jong-nam oppheld seg for det meste i den tidlegare portugisiske kolonien Macao, som no er ein del av Kina.

Her lever han ifølgje rapportane eit luksusliv. Macao er kjend blant anna for sine mange kasino og sitt prangande uteliv.

LES OGSÅ: Nord-Korea mot humanitær katastrofe

Ikkje interessert

I eit intervju med den japanske fjernsynsstasjonen TV Asahi seier han at han sjølv ikkje har noko interesse av å bli leiar, og at det ikkje er nokon maktkamp mellom han og yngstebroren Kim Jong-un. Kim Jong-un kjem etter alt å dømme til å ta over etter faren.

Kim Jong-un

Kim Jong-un etterfølgjer truleg faren Kin Jong-il som leiar i Nord-Korea.

Foto: KCNA / Reuters

- Personleg er eg motstandar av at tredje generasjon frå familiedynastiet skal overta. Men eg trur interne faktorar har spelt ei rolle for avgjerda, seier han i intervjuet, utan å utdjupe kva han meiner med interne faktorar.

Jong-nam og yngstebroren Jung-un har ulike mødrer, utan at dette nokon gong er offisielt stadfesta. Mora til eldstemann var skodespelar, og ho døydde for nokre år sidan i Moskva.

Mora til yngstebroren og ein bror til var dansar av yrke før ho gifte seg med Kim Jong-il.

LES OGSÅ: Her er Nord-Koreas kommende leder

LES OGSÅ: Nord-Korea frigir bilde av Kim Jong-un

- Fall i unåde

Kim Jong Il

Kim Jong-il har skrantande helse, og har peika ut yngstesonen til etterfølgjar.

Foto: Ap

Ekspertar på nordkoreansk politikk trur at Kim Jong-nam har falle i unåde hos faren. Den utløysande faktoren var at han vart utvist frå Japan, etter at han prøvde å kome seg inn i landet med falske papir. Målet hans skal ha vore å vitje Tokyo Disneyland.

- Eg trur broren min vil gjere sitt beste for det nordkoreanske folket, for deira velstand. Og eg er klar til hjelpe han frå utlandet når han måtte ynskje det, sa Jong-nam i intervjuet med den japanske fjernsynsstasjonen.

Kim Jong-un, som altså er utpeikt til å etterfølgje faren som nordkoreanske leiar, er truleg i midten av 20-åra. Han vart utnemnd til general sist månad, og han har også fått ei sentral stilling i det herskande nordkoreanske kommunistpartiet.

Sist søndag stod han nær faren under ein gigantisk militærparade i hovudstaden Pyongyang.

LES OGSÅ: Nord-Korea vil ha mer atomvåpen

LES OGSÅ:

LES OSGÅ: Kim Jong-il gjenvalgt i Nord-Korea

SISTE NYTT

Siste nytt