Hopp til innhold

Han fekk D-dagen utsett

På kaia ved Maritimt museum på Bygdøy sit det ein 100 år gammal mann. Han kan alt om bølgjer, tidvatn og havstraumar. Utan Walter Munk og hans norske mentor kunne D-dagen i Normandie ha blitt ein kjempefiasko.

Walter Munk utenfor maritimt museum på Bygdøy i 2018

Hundre år gamle Walter Munk er omtalt som «havets Einstein» og var sentral under D-dagen for 75 år sidan.

Foto: Dan Kåre Engebretsen / NRK

For 75 år sidan gjekk rundt 130.000 soldatar i land på strendene i Normandie. Den enorme invasjonen i Frankrike 6. juni 1944 er ein av dei største militære operasjonane som nokon gong er gjennomført.

Landgangen var avgjerande for utfallet av andre verdskrig. Den var starten på slutten for Adolf Hitler og Nazi-Tyskland.

«Havets Einstein»

Walter Munk er beskjeden, og få veit kven som sit der ute på kaia. NRK intervjua han på seinsommaren i fjor, nokre få månader før han døydde.

Munk er blitt omtalt som «havets Einstein».

Han har vore med på å utvikle teoriane om havstraumar, og har arbeidd med tidvatn, bølgjer, jordrotasjon og ei rekkje andre emne innan denne fagfeltet.

Om sin eigen innsats under 2. verdskrig er han først forsiktig.

– Eg er glad for å ha vore med på å hjelpe til, seier han.

Det Munk ikkje nemner, er at han var svært sentral i avgjerda om å utsetje invasjonen i Normandie.

Alt dette skulle etter planen ha skjedd dagen før. Så korfor gjorde det ikkje det? Korfor var tidspunktet så viktig?

– Forskarane er heilt avgjerande

Ved den norske korvetten KNM Storm på Haakonsvern møter vi kommandørkaptein Tomas A.E. Andersen. Han har ansvar for å planleggje all øvingsaktivitet i Sjøforsvaret, blant anna i samarbeid med allierte i Nato.

Kommandørkaptein Tomas A.E. Andersen

KOMMANDØRKAPTEIN: Tomas A.E. Andersen. Andersen er leiar for øvingsseksjonen i Sjøforsvaret. 

Foto: Truls A. Antonsen / NRK

– Grundige berekningar av bølgjeforholda er heilt avgjerande i samband med landsetjingar. Dei er nødvendige for å kunne vere sikker på at soldatar og fartøy kan komme trygt i land – og at fartøya kan komme trygt ut igjen, seier Andersen.

Han understrekar kor viktig det er å ha ein god dialog med ekspertisen i tida fram mot ein slik operasjon.

– Dei fleste større mariner har i dag ei eiga gruppe med oseanografar og meteorologar. Dei har i oppdrag å komme opp med berekningar og tilrådingar til den operative leiinga både når det gjeld aktuelle område og tidspunkt, seier Andersen.

– Det som er avgjerande i samband med ei landsetjing, er å ha eit klart bilete av kva fienden gjer, at vi veit at vi er i stand til å få personell i land, og at straum- og bølgjeforhold er bra nok til at operasjonen kan gjennomførast på ein trygg måte, seier han.

foto fra Normandie midten av juni 1944

OPERATION OVERLORD: Enorme mengder materiell blei sett i land på strendene i Normandie for å ta tilbake Frankrike frå nazistane, og starte felttoget mot Berlin. Dette biletet er tatt nokre dagar etter invasjonen.

Foto: US Coast Guard

– Kva er mogelege konsekvensar av ei landsetjing under dårlege forhold?

– Fartøya kan havarere før dei når land, det kan hende at dei ikkje kjem seg inn til land med den konsekvens at soldatane ikkje kan forlate fartøya. Soldatane skal, frå det sekundet dei går i land, vere klare til å gå rett i strid. Dersom dei er utslitne etter ein lang overfart i dårleg ver, vil kampevna vere redusert. I verste fall kan ein tape både liv og kampkraft, seier Andersen.

Walter Munk skulle bli heilt sentral i dette arbeidet for 75 år sidan.

normandie, død soldat på bakken.

MANGE DREPNE: 4 414 soldatar og sjømenn blei drepne under landgangen i Normandie. Tapstala kunne ha blitt langt høgare dersom ein hadde feilberekna vêret.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

Utsette landgangen

Under krigsutbrotet fekk Munk seg jobb i den amerikanske marinen, der han arbeidde med å utvikle betre metodar for å gjennomføre store amfibie-operasjonar. Blant anna ønskte Munk å lage ein modell for korleis ein kan berekne korleis bølgjer treffer land. Men han kom aldri heilt i mål.

Munk tok då kontakt med sin venn og mentor, nordmannen Harald Ulrik Sverdrup ved Scripps-instituttet for oseanografi i California.

Sverdrup hadde bygd opp ein karriere i USA som oseanograf på 30-talet, etter å ha segla med Roald Amundsen og «Maud»-ekspedisjonen i sju år. Sverdrup var ansvarleg for forskingsarbeidet der.

Harald Ulrik Sverdrup var ansvarlig for forskningsarbeidet under Maud-ekspedisjonen i Nordishavet fra 1918 til 1925.

Forskinga på «Maud» var med på å leggje det vitskapelege grunnlaget for nye modellar for bølgjevarsling. Det kom til nytte under planlegginga av landgangen i Normandie.

Etter nokre månader med tett samarbeid mellom Munk og Sverdrup, var dei ganske sikre på at dei skulle kunne greie å berekne korleis bølgjer ville slå inn på land under ulike meteorologiske forhold.

I 1942 slo Munk og Sverdrup modellane sine saman med britiske forskarar, og den ferdige modellen blei første gong brukt under den allierte invasjonen i Nord-Afrika med kodenamn «Operasjon Torch».

Montasje: Bilder av Munk på havdypet og Sverdrup i nordøstpassasjen

HARDHAUSAR: Walter Munk fotografert på 36 meters djup i 1952 under dykking i Stillehavet. Mentoren Harald Ulrik Sverdrup seglde sju år i Nordishavet mellom 1918 og 1925.

Foto: Scripps/Nasjonalbiblioteket

– I samband med den planlagde landgangen i Nord-Afrika var det viktig for oss å få på plass eit system for å varsle om forventa bølgjehøgde. Det gjorde vi. Det fungerte. Så vidt eg veit var dette første gong nokon gjorde dette, seier Munk til NRK.

Etter den vellukka invasjonen i Nord-Afrika utdanna Munk og Sverdrup over 100 offiserar i løpet av ti månader. Opplæringa gjekk føre seg på Scripps.

Walter Munk og Harald Ulrik Sverdrup

MENTOREN: Walter Munk (t.v.) og Harald Ulrik Sverdrup på Scripps i California tidleg på 1940-talet.

Foto: UC San Diego/ Scripps Institution of Oceanography

Munk og Sverdrup sine folk var rådgjevarar for amerikanarane i planlegginga av operasjonen i Normandie, som blei leia av general Dwight David Eisenhower.

Det var to av offiserane frå opplæringa på Scripps som i 1944 var med på å berekne forventa bølgjehøgde og -styrke under landgangen i Normandie, ifølgje Munk.

Berekningane var basert på varslingar av vindforholda i området, utarbeidd av blant andre den norske meteorologen Sverre Pettersen, som var utlånt frå det norske flyvåpenet til det meteorologiske instituttet i England.

Til NRK fortel Walter Munk kva som skjedde.

– Vi berekna at den første dagen ville det vere altfor røff sjø til å gjennomføre landgang i Normandie. Så Eisenhower utsette landgangen med 24 timar. Vi redda nok mange liv på den måten, seier Munk.

Den 6. juni var forholda betre, om enn ikkje optimale. Men gode nok til å setje planane ut i livet.

Det kritiske punktet

Tilbake på KNM Storm set kommandørkaptein Tomas A.E. Andersen arbeidet til Munk og Sverdrup i perspektiv:

– Soldatar kan drukne når fartøy kantrar eller går ned. Dersom verforholda set ned tempoet i operasjonen, vil soldatane vere eksponerte for eventuelle angrep frå fienden over ein lengre tidsperiode, seier Andersen.

– Kva er det mest kritiske punktet under ei landsetjing?

KOMMANDØRKAPTEIN: Tomas A.E. Andersen. Andersen er leiar for øvingsseksjonen i Sjøforsvaret. 

INGEN VEG TILBAKE: Kommandørkaptein Tomas A.E. Andersen seier at når invasjonen av Normandie først var i gang, kunne ein ikkje stanse.

Foto: Truls A. Antonsen / NRK

– Det mest kritiske er punktet er når den endelege avgjerda er tatt, når soldatar og fartøy er på veg inn mot stranda. Då er operasjonen i gang, det er vanskeleg å snu rundt, då må ein berre stå på og gjennomføre. Når første gruppe av soldatar har gått i land, vil ein vere avhengig av at dei andre kjem etter, seier Andersen.

Kva kunne skjedd i Normandie dersom landsetjinga hadde skjedd den 5., slik planen var?

– Då ville ein truleg opplevd at fartøy hadde gått ned, og soldatar mist livet, både som følgje av forholda på havet og på grunn av angrep frå fienden. Truleg ville ein heller ikkje fått stridsvognene i land.

– Kva kunne blitt konsekvensane for utfallet av 2. verdskrig dersom ikkje operasjonen i Normandie hadde vore vellukka?

Det blir jo litt spekulasjon, men hadde ein gjennomført D-dagen i 1944, og den hadde blitt mislukka, og ein måtte gitt opp forsøket, så er det nærliggjande å tru at det kunne gått eit heilt år før dei allierte kunne gjennomført ein tilsvarande operasjon på nytt. Då ville det også vore fare for at tyskarane i mellomtida kunne forsterka forsvaret, og vanskeleggjort eit nytt forsøk.

Walter Munk har fått stor internasjonal heider for det han bidrog med i samband med landsetjinga i Normandie. I 1947 vende han tilbake til Scripps-instituttet, og er blitt kjent og respektert som ein av dei fremste oseanografane i verda.

I 1975 blei han utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Bergen.

Walter Munk døydde 8. februar 2019.

Walter Munk 101 år

101-ÅRSDAGEN: Walter Munk feira 101-årsdagen sin på Scripps 19. oktober 2018.

Foto: UC SAN DIEGO/ SCRIPPS INSTITUTION OF OCEANOGRAPHY

SISTE NYTT

Siste nytt