Vladimir Putin snakka med Bush på telefonen i ettermiddag.
Dette går fram av ei kunngjering som blei offentleggjort av Kreml i ettermiddag.
- Presidentane er samde om å finne ei løysing som er i det internasjonale samfunnet si interesse, heiter det.
Administrasjonen i Kreml opplyser at presidentane snakka samen på telefon i ettermiddag, og blei samde om å jobbe seg fram til eit felles mål.
Putin meiner det er rett av USA å leggje eit sterkt press på Irak, så lenge landet ikkje går til krig.
Ein talsmann for Det kvite hus i USA seier at Bush og Putin er samde om at Saddam Hussein må avvæpnast.
Men han nekta å svare på spørsmål om at Putin tidlegare har varsla eit russisk veto mot ein ny resolusjon i Tryggingsrådet som automatisk inneber krig mot Irak.