Hopp til innhold

Vil ikkje endra grunnlova

- Alle må underkasta seg lova, fyrst og fremst den som leier regjeringa, sa president Putin torsdag,  og slo med det fast at han ikkje kjem til å endra grunnlova for å kunna sitja ein periode til.

Vladimir Putin
Foto: ALEXANDER NEMENOV / AFP

Putin er svært populær i Russland og det har fått fleire av tilhengjarane hans til å be han om å endra grunnlova slik at han kan halda fram som president ein periode til.

Dette vert ikkje aktuelt, for under den årlege pressekonferansen frå Kreml torsdag sa han at det ville vore «heilt uakseptabelt» av han å verta sitjande ved makta etter at den andre fireårsperioden hans ved makta går ut i mai.

Glad for å kunna støtta Medvedev

Putin sa også at han var glad for at det ser ut til at han kan overlata makta til visestatsminister Dmitry Medvedev etter valet. Han er Putin sin eigen kandidat i valkampen.

- Det er ein personleg kjemi, eg stolar på han, sa Putin. Medvedev er ein person som eg korkje skjemst over eller er redd for å overlata makta i landet til.

Snur ikkje rakettskjolda

President Vladimir Putin seier at Russland ikkje har nokon plan om å sikta inn rakettane sine mot nye mål med mindre det vert ”ekstremt naudsynt”.

Han la til at Moskva vonar at dei ikkje vil koma opp i ein slik situasjon i høve til Vesten.

- Me har ikkje planar om nokon konflikt med Vesten og me vonar at me ikkje kjem i ein slik situasjon i overskodeleg framtid.

Tidlegare i veka sa Putin at Russland teoretisk sett kan flytta måla  for dei «offensive rakettane» og retta dei inn mot den tidlegare sovjetnaboen Ukraina dersom dei vert med i Nato.

Putin fryktar at dei då vil la ein utanlandsk base få etablera seg på ukrainsk jord, noko som kan truga tryggleiken til Russland.

SISTE NYTT

Siste nytt