Hopp til innhold

Vil granske påstandar om møte for å fjerne Trump

Leiaren for justiskomitéen i Senatet vil finne ut kven som snakkar sant, og om det er hald i påstandane om at det er diskutert å fjerne Donald Trump som president.

Lindsey Graham

Lindsey Graham leiar justiskomitéen Senatet og er overraska over påstandane om at tilsette i justisdepartementet har diskutert å fjerne presidenten.

Foto: Adem Altan / AFP

Den republikanske senatoren Lindsey Graham seier ifølgje BBC at han var sett ut av det FBIs tidlegare fungerande direktør Andrew McCabe sa i eit intervju med TV-kanalen CBS søndag.

I intervjuet på «60 minutes» fortel McCabe, som styrte FBI i ein kort periode etter at Trump sparka James Comey som FBI-direktør, at det vart halde hemmelege møte i dagane og vekene etter.

I møta vart det diskutert om Trump kunne bli fjerna med det 25. grunnlovstillegget. Lovtillegget opnar for å fjerne ein sitjande president, dersom vedkomande ikkje er skikka til jobben.

Etter intervjuet søndag seier Graham at han ønskjer ei gransking av påstandane. Ifølgje BBC seier Graham at han er innstilt på å stemne dei involverte, om det er naudsynt.

Andrew McCabe

FEKK SPARKEN: 17. mars i fjor fekk visedirektør i FBI, Andrew McCabe, sparken. No slår han tilbake mot Trump i eit intervju med CBS.

Foto: Alex Brandon / AP

Gjentek påstandar

McCabe fortel at han og visejustisminister Rod Rosenstein diskuterte kor mange ein måtte vere for å kunne fjerne Trump ved å setje i verk det 25. grunnlovstillegget.

Rod Rosenstein

Visejustisminister Rosenstein hadde oppsyn med Russland-granskinga fram til justisminister Jeff Sessions måtte gå i november.

Foto: Mike Blake / Reuters

Rosenstein har tidlegare nekta for dette, og sagt at det ikkje var grunnlag for å sette i verk grunnlovstillegget.

– Samtalen om det 25. grunnlovstillegget var rett og slett at Rod tok opp temaet og diskuterte det med meg med tanke på kor mange andre medlemmar av regjeringa som ville støtte eit slikt forsøk, seier McCabe.

– Visejustisministeren var heilt klart svært uroa for presidenten, for kva evne og formål han hadde på det tidspunktet, seier McCabe vidare.

Utvida etterforskinga

Den tidlegare FBI-direktøren seier også at han utvida etterforskinga av mogleg russisk innblanding i det amerikanske valet, til også å omfamne Donald Trumps band til Russland.

McCabe fortel at han var opptatt av å gjere det vanskeleg å stanse etterforskinga, dersom han sjølv skulle bli sparka.

Ifølgje McCabe støtta Rosenstein avgjerda om å etterforske om Trump var ulovleg involvert med Russland, og om presidenten hadde forsøkt å leggje hinder i vegen for etterforskinga.

I intervjuet fortel McCabe at Rosenstein vurderte å gå med hemmeleg opptaksutstyr under møter med Trump. Rosenstein har sjølv sagt at han foreslo det som ein spøk, men ifølgje CBS-journalist Scott Pelley blei det tatt på alvor av både McCabe og andre på møta.

Vil vite sanninga

Graham seier at bruken av det 25. grunnlovstillegget ville ha utgjort «eit administrativt kupp».

– Det er forbløffande at ein av dei øvste offiserane som skal handheve lova ville gå på nasjonalt fjernsyn og seie, «Å forresten, eg hugsar ei samtale med visejustisministeren om korleis vi kunne prøve å erstatte presidenten», seier Graham til CBS.

Han seier at han kjem til å gjere alt han kan for å kome til botnen av dette, og har lova å halde ei høyring for å avgjere kven som snakkar sant.

Laster Twitter-innhold

President Trump svarte på Twitter med å slå tilbake mot McCabe med fleire kommentarar søndag kveld, der han igjen kallar etterforskinga av han for ei heksejakt, før han konkluderer:

– McCabe er ei skam for FBI og ei skam for landet vårt.

SISTE NYTT

Siste nytt