Hopp til innhold

Verdas eldste ølbryggeri kan ha blitt oppdaga i Egypt

Arkeologar har funne det som truleg er verdas eldste kjende ølbryggeri i Egypt. Bryggeriet kan vere rundt 5000 år gammalt.

Funn av verdens eldste ølbryggeri i Egypt

Funnet av det som kan vere verdas eldste ølbryggeri blei funne i ørkenen vest for Nilen i Abydos.

Foto: AFP

Det gamle ølbryggeriet blei funne i Abydos sør i Egypt av amerikanske og egyptiske arkeologar. Dei siste åra har det vore fleire utgravingar i området, og i 2016 blei det blant anna funne ein oldtidsby der.

Generalsekretær Mostafa Waziri hos den egyptiske riksantikvaren seier til nyheitsbyrået AP at bryggeriet truleg kan daterast tilbake Narmers tid, som samla Egypt på byrjinga av den første dynastiske perioden, mellom 3150 og 2613 før Kristus.

Bryggeriet ser ut til å ha bestått av åtte store delar. I kvar del er det funne rundt 40 leirkrukker som har blitt brukt til å varme opp ei blanding av korn og vatn for å lage øl, ifølge Waziri.

Brukt til ofring

Anlegget er truleg bygd for å produsere øl til kongelege seremoniar, seier Matthew Adams, som er med å leie utgravinga, til nyheitsbyrået.

Arkeologane har gjort funn som viser at øl har blitt brukt i offerritual i det gamle Egypt.

Abydos er særleg kjent for monument til ære for Osiris, som var underverdas gud i det gamle Egypt med ansvaret for å dømme sjeler etter døden.

Nærbilde av verdens eldste bryggeri i Egypt

Arkeologane fann rundt 800 leirkrukker som skal ha blitt brukt til ølbrygging i det gamle Egypt.

Foto: AFP

Det er gjort mange arkeologiske funn i området dei siste åra. Egypt håper funna skal tiltrekke seg turistar.

Turisme har lenge vore ein viktig næringsveg i Egypt, men fekk ein knekk etter den arabiske våren for ti år sidan. Dei har seinare bygd seg opp igjen, men fekk seg ein ny knekk som følge av pandemien i fjor.

SISTE NYTT

Siste nytt