Kjendisadvokaten Gunnar Falk er forsvarar for den 35 år gamle mannen som er mistenkt for å ha teke livet av den svenske utanriksministeren. Han nektar straffskuld, og stiller seg uforståande til mistanken.
Forferdeleg
- Han har svart på alle spørsmål politiet har stilt, seier Gunnar Falk. - Han synest det er forferdeleg å vere mistenkt for eit slikt brotsverk, legg han til.
Kjendisadvokaten Gunnar Falk er forsvarar for 35-åringen som er mistenkt for drapet på Anna Lindh. (Scanpix-foto)
Gunnar Falk kan ikkje svare på kva 35-åringen gjorde på drapstidspunktet, heller ikkje om han var på varehuset Nordiska Kompaniet NK i sentrum av Stockholm.
Avhøyra i går kveld varte i to timar, og det er førebels uklart når han skal avhøyrast neste gong. Heller ikkje forsvararen veit dette.
35-åringen vart pågripen tysdag kveld. Det er teke DNA-prøve av han, og resultatet kan bli klart i løpet av dagen. Politiet har gjort det klart at dei ikkje har låst seg til teorien om at det er 35-åringen som har drepe Anna Lindh. Rundt fem andre namn er framleis aktuelle, opplyser politiet.
Sjølvmord
Fleire svenske aviser skriv i dag at 35-åringen har trua med å gjere sjølvmord. Politiet overvakar han 24 timar i døgnet, av frykt for at han kan gjere alvor av truslane.
35-åringen sit i einecelle, i den såkalla tryggingsavdelinga på Kronobergsfengselet. Aftonbladet skriv at berre 10-15 av dei rundt 8.000 mistenkte som kvart år blir førte til Kronoberg-fengselet blir så nøye overvakta.
Avlyst
Politiet i Stockholm har avlyst pressekonferansane som var tillyste om drapet på Anna Lindh i dag og i morgon. Politiet seier dei er inne i ein intensiv periode av etterforskinga.
Først i morgon vil politiet eventuelt be om fengsling av den mistenkte 35-åringen.