Hopp til innhold

- Forlatne stridsvogner og folk med våpen i gatene

Sivilpersonar styrer aust-Libya og er utolmodige etter å sjå Gaddafi-regimet falle for godt, fortel NRKs Midtaustenkorrespondent frå innsida av Libya.

Video Sidsel Wold rapporterer fra Kairo
Foto: Nyhetsspiller

Minst tusen er drepne i det nord-afrikanske landet Libya sidan opprøret mot Muammar al-Gaddafi starta for fullt den 17. februar, ifølgje FN.

I aust er det no regimemotstandarane som har kontrollen,.

– Mange i sivile klede går rundt med kalasjnikovar og andre våpen. Trafikken blir dirigert av demonstrantar og det verkar som eit samfunn styrt av samfunnsengasjerte borgarar som vil ha Libya på fote igjen på sin måte, seier Sidsel Wold som er Midtausten-korrespondent for NRK.

Journalistar utestengde

Det har lenge vore vanskeleg å få informasjon og dokumentasjon om kva som verkeleg skjer på innsida av Libya.

Egyptiske og tunisiske arbeidsinnvandrarar flyktar ut av landet i hopetal, men styresmaktene i landet har hatt streng kontroll med kven som kjem inn.

Journalistar og aktivistar frå menneskerettsorganisasjonar har ikkje fått innpass, men Gadaffi-regimet har no letta på sløret, og invitert internasjonale media inn i Libya.

Video Sidsel Wold rapporterer frå Libya

Sidsel Wold rapporterer frå Libya i Laurdagsrevyen 26.02.2011.

– Soldatar tekne til fange

Ein NRK-reporter på grensa mellom Libya og Tunisia seier dei likevel blir åtvara på det sterkaste mot å ta seg inn i Libya.

Wold oppheld seg laurdag i den austlege kystbyen Al Baida.

– Her ser me mange forlatne stridsvogner etter soldatar som enten har desertert eller er tekne til fange av demonstrantar. Folk er utolmodige. Dei vil at også hovudstaden Tripoli snart skal falle, slik at dei kan begynna å organisera det nye Libya.

Gaddafis siste bastion

Muammar Gaddafi

Offiseren Muammar al-Gaddafi har styrt Libya sidan eit kupp i 1969.

Foto: STR / Reuters
Brann i Tripoli

Brann og kaos i hovudstaden Tripoli.

Foto: Ap

Hovudstaden Tripoli er Gaddafis siste bastion, og tilhengjarar av Gaddafi har dei siste dagane barrikadert innfartsårene til hovudstaden for å hindra regimekritiske demonstrantar frå andre delar av landet i å koma seg inn i byen.

Ifølgje Wold er både internett og telefonnettet blokkert, men det libyske mobilnettet er i funksjon.

– Folk snakkar med kvarandre og veit at det no berre er ein liten del av hovudstaden som vert kontrollert av Gaddafi og hans menn. Alle går og ventar på beskjeden om at Tripoli har falle.

Europa vil straffa Libya

Også Italias statsminister Silvio Berlusconi, som lenge har vore Gaddafis nærmaste allierte i Europa, erkjente i dag at den libyske statssjefen har mista jerngrepet sitt.

– Det verkar ikkje som Gaddafi har kontrollen over Libya lenger, sa Berlusconi under eit politisk møte i Roma.

Fleire europeiske statsleiarar blei laurdag samde om at det libyske regimet må straffast for den brutale valdsbruken og trugslane dei har utsett befolkninga for.

I tillegg har Storbritannia stengt sin ambassade i Tripoli og henta heim dei tilsette på grunn av den kritiske situasjonen. Meir enn 150 britiske statsborgarar er evakuerte frå den libyske ørkenen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt