NRK Meny
Normal

Våpenkvila utvida med 24 timar

Både israelske og palestinske tenestemenn seier i kveld at våpenkvila mellom Israel og Hamas er utvida med nye 24 timar.

MIDEAST-GAZA/ An APC drives near the border with the Gaza Strip

Kjelder seier at det er oppnådd semje om ei ny våpenkvile mellom Israel og Hamas under forhandlingar i Kairo.

Foto: SIEGFRIED MODOLA / Reuters

Våpenkvila blir utvida med 24 timar for å gi tid til ytterlegare forhandlingar mellom partane, seier ein palestinsk tenestemann. På israelsk hald blir det sagt at våpenkvila blir utvida etter ynskje frå dei egyptiske forhandlarane.

Fleire kjelder sa tidlegare i kveld at israelske og palestinske forhandlarar i Kairo var samde om ei forlenging av våpenkvila. Ein israelsk tenestemann avviste meldingane.

Vil slå hardt tilbake

Den fem dagar lange våpenkvila mellom Israel og Hamas gjekk ut klokka 23 norsk tid, midnatt lokal tid. Israels statsminister Benjamin Netanyahu sa tidlegare i kveld at dei vil slå hardt tilbake dersom det igjen blir skote rakettar frå Gazastripa mot Israel.

Netanyahu

Israels statsminister Benjamin Netanyahu truar med harde motangrep om det blir skote rakettar mot Israel.

Foto: POOL / Reuters

Den israelske avisa Jerusalem Post siterte palestinske kjelder på at dei i løpet av kvelden ville kunngjere ei ny våpenkvile mellom Israel og Hamas. Også palestinske medium har meldt dette i kveld.

Ein høgståande israelske tenestemann sa ved 21-tida til CNN at det ikkje var oppnådd semje om ei forlenging av våpenkvila.

Ikkje direkte samtalar

Dei israelske og palestinske delegasjonane har ikkje snakka direkte med kvarandre under forhandlingane i Kairo, men dei har kommunisert via egyptiske mellommenn.

Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas har dei siste dagane vore i Doha i Qatar for å snakke med leiarane av den militante gruppa Hamas, som sit makta på Gazastripa, og som sender rakettar mot Israel.

Målet med Abbas sitt besøk har vore å bli einig med Hamas om kva krav som skal bli stillast i forhandlingane med Israel.

Førebelse våpenkviler har gjort at det i hovudsak ikkje har vore krigshandlingar mellom partane dei siste åtte døgna.

Over 2000 drepne

Ifølgje palestinske helsearbeidarar er talet på drepne på Gazastripa over 2000, medan meir enn 10.000 menneske er såra. Unesco seier meir enn 450 av dei drepne er barn. På israelsk side er minst 67 drepne, deriblant minst tre sivile.

Saka blir oppdatert

LES OGSÅ: Norge og Egypt holder Gaza-konferanse

LES OGSÅ: Egeland: – Tostatsløsning er det eneste realistiske

LES OGSÅ: Mest øydeleggjande krig i Gaza

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt