Hopp til innhold

Sparkar kjærasten i overvakingsvideo – no legg han seg langflat

Rapparen nekta først for at det var han i videoen som har gått viralt. No har han snudd.

P. Diddy overvakingsvideo

Denne videoen går viralt og skaper sterke reaksjonar.

Foto: AP

Sean «Diddy» Combs (54) er ein kjend rappar, produsent og forretningsmogul.

I ein overvakingsvideo frå 2016 ser ein rapparen ta tak i Cassie Ventura. Dei to var kjærastar på det tidspunktet.

Han dreg på og sparkar henne. Videoen vart først delt av CNN, og Diddy nekta for at det var han.

Laurdag sa han at han ikkje hadde gjort noko gale. No har pipa fått ein annan lyd.

Diddy uttaler seg etter voldsvideo, der han slår eksjæresten Cassie

Diddy uttaler seg etter valdsvideo, der han slår ekskjærasten Cassie

Skarpe reaksjonar

– Det finst ikkje unnskyldning for oppførselen min på den videoen, seier han til sine 20 millionar følgjarar på Instagram.

Vidare seier han at han var på eit botnpunkt på den tida. Han forklarer at han har søkt profesjonell hjelp, og at han går i terapi.

Etter at CNN publiserte videoen har det kome mange, og harde, reaksjonar.

NRK åtvarar mot sterke inntrykk.

Overvåkingskamera viser Diddy slå ekjsæresten Cassie på et hotel

Ein overvakingsvideo viser Diddy slå ekskjærasten Cassie på eit hotell.

Videoen har spreidd seg i sosiale medium, og politiet i Los Angeles skriv at dei synest det er ekstremt opprørande og vanskeleg å sjå på videoen.

CNN-korrespondent Omar Jimenez meiner innhaldet er «forstyrrande».

Met-gallaen 2017 Diddy og Cassie Ventura

KJENDISPAR: Diddy og Cassie på Met-gallaen i 2017, året før forholdet mellom dei tok slutt.

Foto: Charles Sykes / INVISION

Har vore i hardt vêr

Dette er ikkje første gong det stormar rundt artisten.

I november 2023 kom det første søksmålet for mishandling, seksuelt slaveri og valdtekt.

Saksøkar var Cassandra Ventura, kjent som artisten Cassie. 19 år gamal vart ho kjærast med den 17 år eldre Diddy, som ho hevdar kontrollerte livet hennar i elleve år.

Saka vart løyst ved forlik dagen etter. Det er ikkje kjent kva sum Cassandra Ventura fekk.

Sean Combs

Frå ville festar til grove skuldingar

Men skuldingane slutta ikkje der. Før 2023 var omme, var Diddy hovudperson i tre søksmål til.

Dei handla om valdtekt, filming av seksuelle overgrep, trafficking og ei gruppevaldtekt. Ugjerningane skal ha skjedd i 1990/91 og 2003.

Diddy har avvist alle skuldingane. I desember 2023 la han ut dette på Instagram:

Diddy på Insta etter anklager

INSTAGRAM: «La dette vere klart og tydeleg: Eg har ikkje gjort nokon av dei forferdelege tinga som eg blir skulda for. Eg vil kjempe for namnet mitt, familien min og sanninga.» skreiv Sean Combs.

Faksimile: Instagram

Fem søksmål

Det femte søksmålet kom i februar i år. Musikkprodusenten Rodney «Lil Rod» Jones Jr. skuldar Diddy (og fleire i hans inste krets) for ei lang rekke brotsverk.

Blant dei organisert kriminalitet og seksuelle overgrep mot seg sjølv og jenter under seksuell lågalder. (Søksmålet frå Lil Rod, som er levert til retten i New York, kan du lese her.)

Razzia mot Sean «Diddy» Combs.

Razzia mot «Diddy»-eiendommer i LA og Miami

Ein av advokatane hans, Aaron Dyer, sa i mars i år at Diddy samarbeider med myndigheitene, er uskuldig og vil fortsette å kjempe for å reinvaske namnet sitt.

Diddy har altså påstandar om grove kriminelle handlingar gjennom 30 år retta mot seg.

Sean Combs tar imot pris på MTVs «Global Icon Award».

Diddy har fått fleire prisar. Her blir han heidra under MTVs «Global Icon Award».

Foto: Charles Sykes / Invision

Raida eigedomen

25. mars i år tok tungt væpna menn i grøne uniformer seg inn på eigedomen hans. Dei sprang inn forbi bassenga og over velpleidde plenar.

Massivt oppbud av tungt bevæpna politifolk under raid 25. mars 2024 i Los Angeles.

Det var oppbod av tungt væpna politifolk under raidet på Diddys eigedom i Los Angeles 25. mars 2024.

Foto: Eric Thayer / AP
Mengder av folk fra politiet og Homeland Security Investigations raider Diddys eiendom på Star Island på Miami Beach i Florida.

Det var også mengder av folk frå politiet og Tryggingsdepartementet ved Diddys eigedom på Star Island på Miami Beach i Florida same dag.

Foto: Rebecca Blackwell / AP
Agenter henter ut beslaglagt materiale fra Diddys eiendom i Florida.

Her ser vi agentar hente ut beslaglagt materiale fra Diddys eigedom i Florida.

Foto: GIORGIO VIERA / AFP
Sean 'Diddy' Combs sine eiendommer ble raidet - stort presseoppbud.

Og ja: Pressa fekk ferten i dette ganske raskt og raida toppa alle nyheitssendingar.

Foto: Carlin Stiehl / Reuters

Sikkerheitsdepartementet skal ifølge NBC News ha funne våpen i begge villaene under ransakinga 25. mars. At dei var med på ransakinga, tyder på at saka er alvorleg.

Diddy har så langt ikkje blitt tiltalt for noko og sitt ikkje i fengsel. Han er under føderal etterforsking for sex-trafficking, melder fleire amerikanske medium.

SISTE NYTT

Siste nytt