Leiaren for det irakiske styringsrådet, Jalal Talabani, sa på ein pressekonferanse i ettermidag at valet blir halde etter den nye grunnlova i 2005. I mai 2004 skal det haldast val på ei overgangsregjering, sa Talabani.
Samstundes held uroa fram. Tidleg i dag vart ein amerikansk soldat drepen av ei bombe som gjekk av like ved bilen han køyrde i. To andre amerikanske soldatar vart skadde.¨
Klokka 14.30 i ettermiddag skaka ein kraftig eksplosjon sentrum av Bagdad. Røyk steg opp like ved den amerikanske administrasjonen sitt hovudkvarter i byen. Ein talsmann for den amerikanske hæren kunne ikkje fortelje noko om eksplosjonen, melder Reuters.
AFP melder at åstaden for eksplosjonen var i nærleiken av Nasjonalmuseeti Bagdad.
Det er førebels uklart kva som forårsaka eksplosjonen eller om nokon er skadd.